– Makt korrumperer
– Koronatiltaka har vart i snart ti månader no og framleis manglar det skriftlege grunnlaget for tiltaka, seier tidlegare stortingsrepresentant Øyvind Håbrekke.
Di fleire tiltak Erna Solberg har innført, di meir populær har ho vorte. No vil ho at vi ikkje lenger skal taka mot gjester i vår eigen heim, og alle skjenkjestover er stengde for fyrste gong sidan forbodstida.
Foto: Jil Yngland / NTB
Er det noko særleg statsministeren og helseministeren har vore under koronakrisa, er det populære. Men denne veka stod eit lesarinnlegg på trykk på nettstaden Trønderdebatt. Innlegget var skrive av den tidlegare stortingsrepresentanten og statssekretæren Øyvind Håbrekke. Han er no fyrstekandidat på stortingslista for KrF i Trøndelag. Ingressen var denne: «Frykten kan lamme de kritiske instinktene i selv de mest demokratisk anlagte sinn.»
– Kva tykkjer du om tiltaka til regjeringa?
– Det er berre å sjå på statistikken. Dei har gjort Noreg til europameister i smittevern. Ingen kan nekta for at dei har gjort ein god jobb. All ære til regjering for det.
– Så kva er det du kritiserer?
– Eg vil gjerne presisera at eg ikkje er mot eit strengt smittevern. Mange av dei inngripande tiltaka har vore naudsynte og vil vera det ei tid framover. Men eg vil ha søkjelys på grunngjevinga og premissane for tiltaka. Dei har vart i snart ti månader no, og framleis manglar det skriftlege grunnlaget for tiltaka. Om eg prøver å lesa og finna fram i det skriftlege materialet regjeringa har lagt fram som grunngjeving for tiltaka, er det fyrste som slår meg, at det knapt finst eit slikt materiale.
– Og kva burde stå i desse manglande dokumenta?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.