Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Idretten speglar samfunnet

Førebuinga til dei olympiske leikane har vore prega av alt anna enn det sportslege. Kvifor skal vi bruke så mykje tid på denne idretten?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noregs Magnus Nedregotten og Kristin Skaslien tjuvstarta OL med mixed double i curling mot Tsjekkia onsdag.

Foto: Andreas Hillergren / TT /NTB

5121
20220204

Samtalen

Anne Tjønndal

idrettssosiolog

Aktuell

OL i Beijing

5121
20220204

Samtalen

Anne Tjønndal

idrettssosiolog

Aktuell

OL i Beijing

jesper@dagogtid.no

Fredag byrjar dei olympiske vinterleikane i Beijing. Mediebiletet har i opptakten til leikane vore prega av det meste utanom idretten. Koronasmitta utøvarar, menneskerettsbrot og miljøproblem som følgje av snømangel har stått på programmet. Likevel kjem mange til å sitje framfor TV-skjermen neste veke. Kva er det som er så spesielt med idretten?

Anne Tjønndal er idrettssosiolog.

– Gler du deg til OL?

– Det er jo alltid spektakulært og eit show utan like, så eg gjer det. Å sjå utøvarane presse grensene for det som er mogleg at ein menneskekropp får til. Og så er eg interessert i samspelet mellom teknologi og idrettsutvikling, korleis det kan påverke resultata. Det beste dømet er kanskje innføringa av fiberglas i stavsprang, der ein fekk eit enormt hopp i rekordar.

– Men kvifor skal ein arrangere eit OL midt under ein pandemi?

– Det har eg òg lurt på. På den eine sida er det galskap å bruke så mykje ressursar på eit idrettsarrangement når heile verda brenn rundt oss. Om eg skal vere heilt ærleg, ser ikkje idrettsforskaren i meg nokon gode grunnar til å ha OL no, sjølv om sportsidioten i meg gjer det.

– Kvifor gjennomfører ein då?

– Det kommersielle ved det er sjølvsagt ein maskin som er vanskeleg å stoppe. Og så har folk eit behov for underhaldning, sjølv under ein pandemi.

– Ja, kva rolle speler idretten eigentleg i samfunnet vårt?

– Eg plar seie at sport speglar samfunnet på både godt og vondt. For det første kan det både skape tilhøyrsle og vere ein inspirasjon til å spenne på seg skia. På den andre sida handlar det om nasjonar som konkurrerer mot kvarandre. Det kan sjølvsagt vere splittande i ei tid då vi har mange globale utfordringar å samarbeide om.

– Oslo var med i kampen om OL i 2022, men valde å trekkje søknaden etter manglande finansiell støtte. Kva synest du om at leikane i større og større grad går til autoritære statar som Kina?

– Det er sjølvsagt ikkje veldig heldig. Verken etisk eller moralsk. På den eine sida er det skuffande at Noreg ikkje fekk OL, det er jo ein stor folkefest. Samstundes var det ein lette. Eit OL kostar utruleg mykje, noko som går ut over andre ting. Eg er mest oppteken av breiddeidretten, som eg heilt klart ville prioritert over eit OL.

– Men det gjer ikkje at du sluttar å sjå på OL?

– Nei, gleda over å sjå utøvarane prestere veg tyngre. Etisk er denne utviklinga naturlegvis veldig problematisk. Samstundes hadde problema vore der utan OL òg. Dialog og felles møteplassar er ein stad å byrje, det kan idretten medverke til.

– Du var inne på det kommersielle aspektet ved leikane tidlegare. Kva meiner du om den aukande kommersialiseringa av idretten?

– Det aukar ulikskapen i idretten og gjer at ein må betale for å verte god. Slikt har ein tendens til å flytte seg nedover i årsklassane. Når toppidretten vert meir profesjonalisert, renn det ned i barne- og ungdomsidretten. Det skal ikkje vere naudsynt å reise til Spania kvar vinter eller ha dei nyaste skoa for å kunne prestere. I tillegg fører det til at kjønnsforskjellane aukar. Fotballen er vel det fremste eksempelet på at kvinnene vert nedprioriterte på kostnad av mennene når marknadsomsyn får rå.

– Men gjev ikkje profesjonaliseringa av idretten meir av dei spektakulære idrettsbragdene vi er så glade i?

– Meir treningsutstyr og profesjonalisering frå tidleg alder kan kanskje gje betre resultat. Men det veit ein ikkje sikkert. Om deltakinga i idretten fell fordi det er for dyrt å delta, slik som i USA, trur eg det på sikt er meir skadeleg. Vi har hatt sterk utvikling i rekordane dei siste åra, og det har ikkje minst samanheng med at fleire driv med idrett no enn før. Difor må vi sikre at flest mogleg kan delta.

– Trur du det kompliserte systemet rundt TV-rettar gjer at den allmenne interessa for idretten går ned?

– Nei, men det er eit detektivarbeid å finne fram. Det gjer nok at eg prioriterer kva eg vil sjå, meir enn eg gjorde før. Sjansen for å sjå idrettar ein i utgangspunktet ikkje ville ha sett på, er nok mykje mindre no enn før. Det går nok mest ut over dei mindre idrettsgreinene som ikkje får så mykje sendetid på norsk TV, slik som curling eller kunstløp.

– Kritiske røyster vil innvende at vi brukar for mykje av sendeflata på noko så unyttig som sport. Kva tenkjer du om det?

– Eg er for så vidt einig i det. Det er mange djupt alvorlege politiske tema som er mykje viktigare enn idrett. Vi har vore inne på både menneskerettar og velferd. Samstundes er idretten det viktigaste av det uviktige. Difor plar eg snu på det. Det at vi brukar så mykje tid på idrett, syner kor viktig det er for oss. Å gjere artige aktivitetar i lag er noko som gjev oss glede. Dei som ikkje skjønar det, veit ikkje kor mykje idretten betyr i livet til folk og i små lokalsamfunn rundt om.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Idrettsfor­skaren i meg ser ikkje gode grunnar til å ha OL no, sjølv om sportsidioten i meg gjer det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis