– EU ingen seriøs militær aktør
– Sjølvsagt kjem Noreg til å velje USA som alliansepartnar framfor andre land, seier Janne Haaland Matlary.
– Skulle Trump seie at den berømte artikkel 5 er urimeleg å halde på sidan mange av statane ikkje betaler, fell artikkelen, og då er Nato daudt, meiner professor Janne Haaland Matlary.
Foto: Geert Vanden Wijngaert/AP/NTB scanpix
Den internasjonale verdsordenen er under press. Utanrikspolitisk forskar Asle Toje meiner Noreg ikkje lenger kan ta forsvarsalliansen Nato for gjeve. I eit intervju med Klassekampen denne veka seier han at vi i større grad må klare å forsvare oss sjølve, og at vi samstundes må vere budde på å knyte oss tettare til USA i framtida og velje USA framfor Europa.
Professor Janne Haaland Matlary ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo deler analysen.
– Noreg er totalt avhengig av USA i ein krigssituasjon. Vi har ikkje noko val her så lenge Europa ikkje brukar meir på forsvar. Dei fleste Nato-medlemmene er de facto gratispassasjerar i dag. Også Noreg brukar altfor lite på forsvaret. Det både kan og bør vi gjere noko med raskt. Vi må opp på 2 prosent av BNP. No er det svært uvisst kva Trump kjem til å gjere. Han er primært oppteken av direkte relasjonar og partnarskap med enkeltland, men om han kjem til å halde fram med å betale for alle gratispassasjerane i Nato, er eit anna spørsmål. Så ja, Noreg treng USA i så sterk grad at vi sjølvsagt kjem til å velje USA framfor andre land som alliansepartnarar. Vi gjer alt for å halde amerikanarane interesserte i Noreg.
– Kor svekt vil du seie Nato er?
– Europeiske land tek ikkje forsvar alvorleg. Storbritannia, Frankrike, Danmark, Polen, Nederland og Noreg er unntaka, dei andre vil verken betale eller ta risiko og tap. Dei har ingen strategisk eller militær kultur. Nato er altså ei plattform for statar som er willing and able. Dei 29 som er med, er stort sett ubrukelege i krig. Skulle Trump seie at den berømte artikkel 5 er urimeleg å halde på sidan mange av statane ikkje betaler, fell artikkelen, og då er Nato daudt. Han kan kome til å gjere noko slikt, for det er ulogisk at USA skal bere 77 prosent av kostnaden i Nato. Då vert det bilaterale forsvarsalliansar, og Noreg kjem til å søkje tettast mogleg integrasjon med Storbritannia og USA. Dei tre stormaktene i Europa kunne gå saman og lage eit felles forsvar med atomvåpen som avskrekking. Men eg trur ikkje Tyskland eingong vil snakke om noko slikt.
– Så du trur ikkje på tettare europeisk forsvarssamarbeid?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.