– Ein dag må ein setja strek
Det går mot tverrpolitisk semje om å oppheva foreldingsfristen for seksuelle overgrep. – Heilt uakseptabelt, meiner advokat Mette Yvonne Larsen.
Framlegget er uttrykk for ei tru på at samfunnet lèt seg regulera gjennom rettsapparatet, seier advokat Mette Yvonne Larsen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Etter at foreldingsfristen for valdtekt vart fjerna i 2014, har Frp, SV og Raudt ynskt å oppheva foreldingsfristen for seksuelle handlingar med lågare strafferamme òg. Dei får no fylgje av Sp, som vil at alle typar seksuelle overgrep skal kunne verta straffa, same kva tid dei skal ha hendt. Høgre og Ap melder at partia er på glid i spørsmålet. Dimed kan det gå mot ei lovendring.
Advokat Mette Yvonne Larsen er kritisk til framlegget:
– Eg meiner at dette framlegget er heilt uakseptabelt. Eg skal vege orda mine, for eg vil ikkje seia noko som vert feil andsynes born. Eg er oppteken av born og har barnerett som spesialfag, men å avhøyra førtiåringar om kva dei opplevde då dei var fire år, og så lata dei gå i retten med det, er meiningslaust. Nei, eg stør ikkje framlegget.
– Kvifor ikkje?
– Det set slike handlingar i ei særstilling. Kvifor omfattar ikkje framlegget vald mot kvinner? Kva med vald i det heile? Born vert utsett for så mykje. Born vert vitne til vald. Born vert vitne til at far drep mor. Eit anna relevant døme er grov økonomisk kriminalitet. Det er særs samfunnsskadeleg. Born vert fråtekne fritidsklubbane sine av di nokon snyter på skatten og stel frå fellesskapen. Kvifor vert ikkje slik kriminalitet tatt med i framlegget om fjerning av foreldingsfrist?
– Ein veit at det kan ta lang tid før eit overgrepsoffer erkjenner overfor seg sjølv, og ikkje minst overfor andre, at overgrepet faktisk har skjedd. Dei som etterforska overgrepa til dei katolske prestane i USA, sa at det gjerne var umogeleg for dei unge å snakka om det før ti år etter at det hende.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.