JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Boka til Tvedt held ikkje mål

Boka Det internasjonale gjennombruddet er basert på påstandar som strid mot historiske fakta, meiner medieprofessor Jostein Gripsrud.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det mest graverande i boka til Tvedt er den underliggjande tankefiguren om at eit humanitær-politisk kompleks så å seie har teke makta i Noreg og gjennom eigennyttig arbeid ført til oppløysing av nasjonen, seier Josten Gripsrud.

9294
20181012
9294
20181012

Sakprosa

eva@dagogtid.no

Historikaren Terje Tvedts bok Det internasjonale gjennombruddet har fått mykje merksemd. Forteljinga om korleis den norske staten frå 1960-talet tok til å byggje «et humanitærpolitisk kompleks som skulle legge grunnlaget for at den politiske ledelsen noen tiår senere erklærte at Norge skulle bli en humanitær stormakt», og som «skiftet ut nasjonalstatsideologien som statsbyggingsideologi med en multikulturell statsbyggingsideologi», er både omfamna og kritisert. Boka er no trykt i eit opplag på 18.000.

Men boka held ikkje mål, verken språkleg, metodisk eller som historieforteljing, meiner medieprofessor Jostein Gripsrud. Han har skrive ein 311 siders pamflett med kritikk av historieskrivinga til Tvedt som vart lansert denne veka.

– Når ein forskar via eit allment forlag kjem med bok som skal bidra til debatt, skal innhaldet i boka vere så haldbart som mogleg. Boka til Tvedt held ikkje, seier Gripsrud.

– Skøytelaus omgang

I pamfletten Norsk hamskifte? kritiserer han Tvedt for «svært diskutabel og til dels direkte uetterrettelig omgang med kilder», for å forenkle og fordumme synspunkt og for fri polemisk fantasi. Kort og godt for ikkje å leve opp til elementære faglege krav til historieskriving.

I tillegg meiner han Tvedt har skøytelaus omgang med historia, og at dei historiske tesane til Tvedt i boka er feil: Biletet av Noreg som fredsnasjon med humanitær profil oppstod ikkje på 60-talet, det er ingen «viss elite-gruppering (som) planmessig gjennom flere tiår fra 1962–63 bevisst har avviklet den norske nasjonalstaten og norsk identitet gjennom ideologisk tildekning og diskursiv tvang», og «(b)oka presenterer i bunn og grunn en konspirasjonsteori med mange og lange fotnoter», skriv Gripsrud.

Han har brukt sju heile månader, helgedagar inkludert, på kritikken. Vi startar der.

– Kvifor dette sterke engasjementet?

– Boka til Tvedt har nærast fått status som ein bibel i store krinsar og er basert på nokre dryge påstandar som ikkje bør få setje seg, fordi dei strir mot historiske fakta. Eg er samd med Tvedt i at det har vore stor innvandring til Noreg, og at det stiller oss overfor utfordringar, og eg er samd i at det er mykje å kritisere norsk bistand for, men eg meiner mykje av det Tvedt kjem med her, ikkje stemmer. Det mest graverande er den underliggjande tankefiguren om at eit humanitær-politisk kompleks så å seie har teke makta i Noreg og gjennom eigennyttig arbeid ført til oppløysing av nasjonen. Det liknar rein konspirasjonsteori.

Konspirasjonar

– Tvedt skriv innleiingsvis i boka at «det er naturlig» at utviklingshjelp og innvandring «påvirket landets elitedannelse», og at den nye eliten var «produkt av arenaer og virksomhet skapt av statens politikk og ressursformidling». Les du han ikkje litt strengt når du oppsummerer dette med «at en viss elite-gruppering planmessig (...) bevisst har avviklet den norske nasjonalstaten og norsk identitet»?

– Tvedt har eit anna sitat der han skriv at denne eliten «erobret og utnyttet definisjonsmakten over internasjonaliseringen av Norge, og (...) påtok seg oppgaven med å lede og forme nasjonens dannelse i globaliseringsepoken. Den målbar og formet en bestemt periodes grunnleggende verdensbilder og selvbilder, sto i spissen for å organisere og lede nasjonens nye nasjonale ritualer, og redefinerte nasjonens identitet på måter som brøt med arven frå det nasjonale gjennombruddet og arbeiderpartistaten». Det les eg som ein påstand om ei konspirativt prega gruppe.

– Men dette treng ikkje bety at det er planmessig og medvite?

– Korleis kan du organisere og leie om du ikkje har planlagt? Med språkbruken til Tvedt høyrest det ut som ein samansveisa gjeng som erobrar og utnyttar, eit lite og hemmeleg kaderparti som har rykt fram. Skal han påstå at det finst ei slik gruppe, må han gjere ganske annleis sosiologiske, historiske og politiske analysar.

60-talet som brot

– Du kritiserer òg Tvedt for å meine at historia om Noregs bistandsverksemd, internasjonale fredsambisjonar og innvandringspolitikk i større perspektiv byrjar i 1962. Tvedt skriv at han samanfattar «et nytt kapittel i det lange samspillet mellom Norge og omverdenen» som byrja i 1960-åra. Les du han ikkje altfor strengt her?

– Tvedt nektar for at Noreg hadde nokon nemneverdig utanrikspolitikk før 1945. Han seier det byrja i 1960-åra, at det var då Noreg debuterte som den asiatiske og afrikanske verdas utviklar og hjelpar. Det stemmer ikkje. Vi hadde India-hjelpa på 50-talet. Han nemner den, men ser det ikkje som del av ein breiare tenkt politikk. Men ideen låg føre tidleg på 50-talet og vart følgd opp gjennom opprettinga av Norsk utanrikspolitisk institutt i 1959, Chr. Michelsens Institutt og det fyrste forskingsprogrammet om utviklingshjelp i 1961, og så etableringa av Norsk Utviklingshjelp i 1962. Det som skjer på 60-talet, er i direkte kontinuitet med det som har skjedd før.

– 60-talet kan vel likevel kallast eit gjennombrot?

– Tvedt skildrar 1962 som eit brot, og meiner brotet kjem av eit ønske om å omdefinere Noreg og mobilisere folket. Han skriv òg at det er ei slags skuldkjensle som driv norsk utviklingshjelp etter 60-talet. Eg syner at det er gjeve uttrykk for europeisk skuldkjensle sidan før 1850, gjennom misjonen. Og korleis kan forfattaren av bind 1 av Norsk utenrikspolitikks historie skrive om Noreg som humanitær aktør internasjonalt alt før 1914, om Tvedt har rett?

– Er du usamd i at det startar eit nytt kapittel på 60-talet?

– Klart det var mykje som starta då, men det kan henge saman med at dei fyrste knappleiksåra etter krigen var over. Tvedt framstiller og tolkar det feil. Det går å kalle 60-talet eit nytt kapittel, men då må ein ta med at det er kapittel før som høyrer til i same forteljing. Det var ikkje noko dramatisk skifte på 60-talet, og det er ikkje nokon humanitær politisk elite som grip makta.

– Ikkje berre slurv

I pamfletten kritiserer Gripsrud òg Tvedt for direkte feil, både i siteringar og i fotnoter, og for å utelate avgjerande atterhald når han gjev att informasjon – mellom anna frå den fyrste regjeringsstrategien for innvandring i Noreg, stortingsmeldinga Om innvandringspolitikken, som vart lagd fram av Bratteli-regjeringa i 1974.

Tvedt skriv at meldinga «slo fast hva som skulle bli et sentralt, styrende prinsipp i perioden – innvandrerne skulle ha valgfrihet når det gjaldt tilpasning til sitt nye hjemland». Gripsrud meiner Tvedt gjev ei «feilaktig framstilling av meldingens syn» fordi han utelèt å ta med både det Gripsrud ser som eit avgjerande atterhald i formuleringa han lener seg på – formuleringa «i størst mulig utstrekning», og fordi han ser vekk frå at det i innleiinga til meldinga vert uttrykt uvisse kring kva som skal vere målsetnaden for «innvandrernes forhold til det norske samfunn». «Tvedt gjør feilaktig dette til den første erklæringen av en multikulturalistisk politikk her i landet», skriv Gripsrud.

Gripsrud kritiserer òg ein passasje der Tvedt tillegg regjeringar å «understreke igjen og igjen» eit multikulturelt standpunkt og ei setning som i realiteten, òg ifølgje Tvedts eigen fotnote, er henta frå ein kanadisk forskar. Og der vert det gjort ei avkorting, slik at formuleringa «some level of» ikkje er med i sitatet, som handlar om rettar.

– Det er ikkje berre slurv når han påstår at norske regjeringar gjentek og gjentek at innvandrarar må ha lov å behalde eigen kultur, eller når han utelèt atterhald som inneber ei avgrensing av den valfridomen han skildrar for innvandrarane, og utelèt at det i stortingsmeldinga òg står om utfordringar ved at muslimar har eit anna forhold mellom tru og kvardagsliv.

– Men konkluderer han nødvendigvis feil av den grunn? Kan det ikkje vere tolkingsmoglegheiter her?

– Desse tinga er ikkje tilfeldige, dei er del av heile den polemiske vinklinga i boka. Det handlar om kva inntrykk denne forteljaren gjev lesaren som er kjend med historia, og som undersøkjer om det som står der, stemmer. Ein forteljar må ha greie på fakta og vilje lesarane sine vel. Når han driv med slike grep, er det alvorleg for truverdet.

Samd i noko

– I pamfletten kritiserer du Tvedt for knapt å omtale vellukka bistandsprosjekt. Du skriv at han burde lagt an eit meir balansert perspektiv og at «(e)nsidigheten som nå regjerer, svekker troverdigheten». Så gjev du sjølv ut ei 300 sider lang bok med nesten berre kritikk. Kva gjer din einsidigskap meir truverdig enn Tvedts?

– Eg har gjeve Tvedt kreditt for viktige poeng i det han har skrive før, og eg har markert at eg er samd i at den store innvandringa til Noreg stiller oss overfor utfordringar, og at det ofte har vore lagt for stor vekt på dialog og for lite på grensesetjing overfor islam. Men hovudpoenget med pamfletten var å kritisere synspunkta hans og prøve å gje eit rettare bilete av kva rolle menneskerettar har spelt i norsk bistands- og innvandringshistorie, og av forhistoria for den norske godleiken. Det tek mykje plass.

Terje Tvedt har ikkje høve til å la seg intervjue denne veka. Dag og Tid kjem tilbake med intervju med Tvedt i neste utgåve.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det liknar rein konspirasjonsteori.

Jostein Gripsrud, medieprofessor

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis