– Ap vert aldri eit nisjeparti
Kaia Storvik, ansvarleg redaktør i Agenda Magasin, synest ikkje det går så dårleg med Ap.
– Ap gjorde eit uvanleg godt kommuneval i 2015, så det er ikkje overraskande at partiet går tilbake, meiner Kaia Storvik.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Arbeidarpartiet gjer det stadig verre på meiningsmålingane og kan kome til å gjere sitt dårlegaste kommuneval nokosinne. Kaia Storvik er ansvarleg redaktør i Agenda Magasin, som er eigd av forlag Res Publica og tankesmia Agenda, som igjen er deleigd av LO. Ho meiner mykje av forklaringa ligg utanfor Arbeidarpartiet sjølv, i veljartrendar.
– Over heile Europa og verda ser vi at dei store breiddepartia tapar veljarar. Det skjer òg i Noreg. Det er ingen som heilt veit kvifor, men mykje av grunnen er nok at folk er utolmodige i spørsmåla dei er opptekne av og røystar på nye og spissare småparti. Det å ha parti som får over 30 og 40 prosent av røystene, slik situasjonen har vore med dei sosialdemokratiske partia i Norden, sånn er det ikkje lenger.
– Men Høgre ser ut til å ha klart seg betre i posisjon enn kva Ap gjer i opposisjon?
– No går det ikkje så veldig bra for Høgre heller, tvert imot. Dessutan må vi hugse at Ap gjorde eit uvanleg godt kommuneval i 2015, så det er ikkje overraskande at partiet går tilbake, men det er klart det tapar mykje. Ser vi på heilskapen, er det likevel lenge sidan regjeringspartia hadde fleirtal på nasjonale målingar, så veljarane flyttar seg i sum vekk frå det blå regjeringsprosjektet.
– Er det ingenting Ap sjølv kunne gjort betre, slik du ser det?
– Jau, sjølvsagt, når eit parti mistar veljarar, gjer det jo noko feil. Men jamført med den førre valkampen til Ap, før stortingsvalet, som var svært dårleg på mange måtar, er det ikkje så lett å peike på enkeltting som er feil eller mislukka no. Men det vi ser mange stader, og særleg i Nord-Noreg, er at det over tid har føregått ei ganske ekstrem sentralisering. Og der trur eg mange opplever at Ap ikkje har vore på lag med dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.