– Alt er vorte vanskelegare
Norwegian vil ikkje ha Max-flya dei har forplikta seg til å kjøpa. Då må dei betala Boeing. Samstundes vil Norwegian ha pengar frå Boeing. No vert det rettssak.
I mars 2019 var det full aktivitet hjå Boeing i Seattle. Så vart det bråstogg. Her set arbeidarane saman det siste Max-flyet før Max-flya vart sette på bakken verda over. I mars 2019 var det full aktivitet hjå Boeing i Seattle. Så vart det bråstogg. Her set arbeidarane saman det siste Max-flyet før Max-flya vart sette på bakken verda over.
Foto: Lindsey Wasson / Reuters / NTB scanpixFoto: Lindsey Wasson / Reuters / NTB scanpix
I mars 2019 vart 737 Max-fly laga av Boeing sette på bakken verda over etter fleire ulukker. Norwegian hadde alt fleire slike fly og hadde tinga mange fleire i framtida. Denne veka varsla Norwegian at dei vil ut av dei framtidige kjøpa, og at dei går til rettssak mot Boeing for å koma seg ut av kontraktane om nye fly. Og det samstundes som dei vil ha pengar av di dei ikkje har kunne nytta Max-flya på over eit år.
Frode Steen er professor ved Handelshøgskulen i Bergen og har arbeidd mykje med konkurransestoda i flymarknaden.
– Handlar ikkje dette om at Norwegian vil ut av flykjøpet på grunn av marknadssituasjonen?
– Vi må tru at flyet vert trygt når det igjen vert lovleg å nytta. Men på grunn av koronakrisa er vi ikkje i ein normalsituasjon, og det er få som trur at vi i ei overskodeleg framtid skal attende til normalsituasjonen. Dimed seier flyselskap opp folk, og då har dei ikkje bruk for flya dei har tinga, eller for den del flya dei har ståande på bakken.
– Men Norwegian vil ut av avtalen sjølv om flya vert trygge?
– Ja, Norwegian er særmerkt. Dei har hatt ein svær vekst og vil taka ned kapasiteten. Alt før koronakrisa hadde dei byrja å redusera veksten. Dei såg at dei var spreidde for tynt utover og ville laga eit meir konsentrert selskap. Men i og med koronaen skal dei no verta eit mykje mindre selskap. Då vegrar dei seg for å kjøpa Max-flya. Dei gjer dei i hovudsak av to konkrete grunnar: Max-flya er store fly, og det kan vera at folk, i det minste til å byrja med, vil vegra seg for å gå om bord i flya.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.