Reportasjekommentar

Naudsignalet

Kan eit bilete stoppe gondolen i Jølster? Dei som sveittar seg til fjells denne ettermiddagen, håpar det.

SOS-biletet frå toppen av Lodalskåpa (2083 moh.) vart tatt natt til 16. mai. Signalet er ni lykter som folk har tatt med seg til breen, på seks av punkta står folk stille med lykta, medan dei tre i midten er i rørsle.
Publisert Sist oppdatert

Tjue menneske går med tunge sekkar innover i eit måleri, ein svimlande torsdag i midten av mai. Kvite lam sprett i overkant nasjonalromantisk rundt på Bødalssetra, kvite fjell strekker seg mot klår himmel, sol steiker, eirgrøne bjørkeblad er på god veg ut: Det er på grensa til altfor mykje, altfor vakkert, til og med for ei vestlandssjel.

Menneska er på veg til Jostedalsbreen for å vise at dei ikkje vil ha folk her oppe. Altså: Ikkje masse folk, ikkje turistfabrikk, sirkus, tivoli, vil ikkje at folk skal heisast opp frå Kjøsnesfjorden til ein fjelltopp ved breen i ein liten boks via kabel. Med andre ord: ikkje enda ein gondol.

Eit naudrop frå naturen

Det er fotograf Vegard Aasen som har samla oss. Planen er å ta eit bilete som skal illustrere eit naudrop frå naturen, eit SOS-signal, tre korte, tre lange og tre korte. Lysa skal kome frå kraftige hovudlykter som Aasen skal kommandere til riktig posisjon på den største fastlandsbreen i Europa. Heile lyslina skal bli på rundt ei mil.

Sjølv skal han stå på Lodalskåpa (2083 moh.) og ta biletet, midt på natta. Det er planen.

– Eg trur på kunst som politisk verkemiddel, har han sagt til underteikna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement