Båtliv

Eit liv på kjøl

Etter nok ei overvintring på Aker Brygge kastar båtfolket loss denne veka. Sjukepleiaren Jan Arild Giskeødegård set kursen mot Gressholmen.

Jan Arild har teke på seg kjeledressen for å fikse vindauget på babord side. Båten er ein Hero, kalla opp etter niesa Ingrid.
Publisert Sist oppdatert

Å, det er ein slik blåglitrande dag på fjorden. Kald nordavind, rett nok, men sol, hettemåseskrik og her inne i den lune småbåthamna sit Jan Arild Giskeødegård om bord i havsiglaren «Ingrid» med kaffikopp og skrollar på iPhonen. Ikkje aner vel han at det sannsynlegvis er siste gongen i livet han gjer det. Altså skrollar.

Han har drege på seg kjeledressen, for no skal han endeleg få skrudd på plass vindauget på babord side. Det er alltid noko å pusle med når ein har båt, og naboen Petter skal hjelpe til, men er framleis på jobb. Sjølv har Jan Arild vore på nattevakt, han jobbar på ein omsorgsbustad. Det gyngar og klukkar, det knirkar og gnissar. Tre ærfuglhannar briskar seg.

– Vil du ha kaffi, spør han.

Ja, kvifor ikkje? Det er som alt nemnt ein nydeleg vårdag.

Brygga Bar og pappabåtar

Har du gått promenaden over Aker Brygge, må du ha sett dei. Om du til dømes kjem over Rådhusplassen og går forbi Nasjonalmuseet, forbi trekkspelaren Ion frå Romania, Nesoddbåtane og klokketårnet, forbi lekteren, badstueflåtane, iskremkioskane, utserveringane, forbi Olivia, Starbucks, ja, då ser du piren stikke ut, og på innsida ligg småbåthamna. Om sommaren er han full av kvitpolerte solskinsbåtar, pappabåtar, som Jan Arild kallar dei. Men om vinteren frå 1. oktober til 15. april ligg likt og ulikt fortøydd der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement