Tidtrøyte

Quiz veke 18



  

David A. Tørre
Hint for hint
quiz
Publisert Sist oppdatert
Loading...

1. Pave Frans var oppteken av vanskelegstilte. Pavenamnet var ein honnør til kva likesinna person som levde rundt år 1200?

2. Fleire kjelder listar opp Viktor 1., Miltiades og Gelasius 1. som dei einaste pavane med kva fellesnemnar? Frans er åleine om ein tilsvarande fellesnemnar.

3. Kva heiter læra om sjukdommar hos eldre?

4. Kva roman frå 1897 er irske Bram Stoker best kjend for?

5. Kva er det norske naudnummeret ved brann?

6. Den musikalsk allsidige Kenneth Sivertsen fekk altfor få leveår (1961–2006). Gjennombrotet som kabaretartist kom i 1990-åra saman med den dåverande kjærasten. Kva annan hordalending var det?

7. Det første Donald Duck-bladet i Noreg kom i 1948. På framsida ser me Donald sjølv og kva for ein trio?

8. Kina, Nord-Korea, Vietnam og Cuba er fire av dei fem landa mange i dag reknar som kommunistiske. Kva er det femte landet? Det grensar til to av dei andre.

9. Kva maritim fartseining er ei nautisk mil per time?

10. Kva i ein elektrisk krins har i koplingsskjema symbolet kryss med ein omskriven sirkel?

11. Mange på Nasjonalmuseet startar med rom 31 og utstillinga «To dronninger møtes». Kva for to dronningar høyrer antrekka til?

12. Forsythia er ein vanleg prydbusk. Kva farge har blomane?

13. I april varta Magnus Carlsen opp med ein sensasjon i Karlsruhe i Tyskland. Ni av ni sigrar er den største turneringsprestasjonen nokosinne i kva type sjakk?

14. Kva for ein Ole var LO-leiar frå 1906 til han døydde i 1925? Han fekk i stand trepartssamarbeidet (i arbeidslivet), ein viktig del av «den norske modellen». Han kom på 26. plass i ei kåring av dei 100 viktigaste nordmennene sidan 1814.

15. Kva spøkjefullt synonym for pumpeorgel viser til ein songtype og eit framkomstmiddel?

16. Kva lun og morosam dansk filmklassikar frå 1987 har franske Stéphane Audran i tittelrolla?

17. Kva Akershus-kommune er oppkalla etter den norrøne guden for ski, jakt og tvikamp? Guden kjem først i namnet og er òg motiv i kommunevåpenet.

18. Kva for eit adjektiv på m tyder boblande og skildrar til dømes champagne?

19. Kva for eit kvinnenamn har Noregs nye superdatamaskin, den kraftigaste i landet nokosinne? Ho er produsert av Hewlett-Packard i USA og installert i Stad kommune. Namnet speler på eit mineral ein har vunne ut der.

20. Kva år kom skiskyting på OL-programmet? Først åtte år seinare vart det norsk gull.

21. Kva tysk by heiter Monaco di Baviera på italiensk, for å skilje frå landet Monaco?

Fasit

1. Frans av Assisi

2. Dei var afrikanske. (Me tek kjeldene med ei klype salt. Alle tre levde før år 500 og skal ha ætta frå Afrika, men det er ikkje sikkert alle tre var fødde der. Pave Frans er den første frå Sør-Amerika – ja, faktisk heile Amerika.)

3. Geriatri

4. Dracula

5. 110

6. Herborg Kråkevik

7. Ole, Dole og Doffen

8. Laos

9. Knop

10. Lampe (lyspære)

11. Dronning Maud og dronning Sonja

12. Gul (På norsk vert han kalla gullbusk.)

13. Fischersjakk (Det vert òg kalla Fischer Random og Chess960.)

14. Ole O. Lian

15. Salmesykkel

16. Babettes gjestebud

17. Ullensaker kommune (Guden er Ull.)

18. Musserande

19. Olivia (Mineralet er olivin.)

20. 1960

21. München