Tidtrøyte

Quiz veke 10

 

David A. Tørre
Hint for hint
quiz
Publisert Sist oppdatert
Loading...

1. Drømmer av Dag Johan Haugerud har vorte den første norske vinnaren av hovudprisen på filmfestivalen i Berlin. Kva heiter prisen?

2. Kva to bokstavar langt namn har støytestokken i biljardspel?

3. Kva uvanleg transportmiddel nyttar Nils i Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige av Selma Lagerlöf? Svaret inngår i «yrkestittelen» hans.

4. Kva stort kattedyr har størst geografisk utbreiing? Det lever i mykje av både Afrika og Asia.

5. Kva vekedag kjem den britiske kvalitetsavisa The Observer ut? Slik har det vore sidan starten i 1791.

6. Kva russar med leveåra 1882–1971 vert ofte rekna som den største klassiske komponisten på 1900-talet? Han rakk å gjere både franskmann og amerikanar av seg.

7. Kva innanfor mat og drikke er italienske minestrone?

8. I kva kjent slag vart den tapande sida leidd av Kjøtve den rike, ifølgje Haraldskvadet? Kjøtve klarte å flykte.

9. Kva stilling i kva område har Sunniva Gylver teke over i 2025? Til sommaren får Fredrik Hansen den tilsvarande katolske.

10. William Harvey er best kjend som oppdagaren av blodomløpet. Det var i første halvdel av kva hundreår?

11. Bruce Springsteen heldt konsert i Noreg første gong i 1981. Kvar då? Dette var landets viktigaste konsertarena i 1980-åra for internasjonal pop og rock. Han har ikkje spelt der sidan.

12. Kva er spesielt med langrennsdistansane i ski-VM frå og med 2025?

13. Forfattaren Olympe de Gouges vert rekna som ein av dei første feministane. Korleis vart ho avretta?

14. England er delt i 48 seremonielle grevskap. 25 av namna sluttar med kva ending, som tyder «grevskap»?

15. Kva heiter fingerbøl på nynorsk? Endinga er eit kvinnenamn som tyder «hjelp».

16. Kva er det ein HDMI-kabel overfører: lyd og bilete, nettverk eller petroleum?

17. Tre store øyar ligg på rekkje langs vestsida av Porsangerhalvøya. Sorter Kvaløya, Seiland og Stjernøya frå nord til sør.

18. Kva guffen skikkelse er det som «drar», «kommer», «farer landet rundt» og er «i trappen» på teikningar av Theodor Kittelsen?

19. Kva i islam er adhan? Dette vert utført av ein muezzin, ofte i ein minaret.

20. Kva grunnstoff, ein edelgass, har atomsymbolet Ne?

21. Baudouin 1. var konge av Belgia fram til 1993. Kva slags slektning er etterfølgjaren Albert 2.?

Svar på spørsmåla:

1. Gullbjørnen

2. Kø

3. Ei gås (Den uskikkelege Nils er gåsapåg, ein som passar gjæsene.)

4. Leopard

5. Sundag

6. Igor Stravinskij

7. Ei suppe

8. Slaget ved Hafrsfjord (Vinnaren var Harald Hårfagre, som tittelen viser til.)

9. Biskop i Oslo

10. 1600-talet

11. Drammenshallen

12. Dei er like lange for menn og kvinner

13. Med giljotin (Det var under den franske revolusjonen. Falløks og halshogging er òg godkjende svar.)

14. -shire

15. Fingerbjørg

16. Lyd og bilete

17. Kvaløya, Seiland, Stjernøya

18. Pesta

19. Bøneropet (markeringa av tidspunkta for rituell bøn)

20. Neon

21. Bror (Storebror Baudouin døydde barnlaus.)