Tidtrøyte
Hint for hint veke 18
Kva by?
5 POENG: Denne byen har namn etter eit lokalt ord for «hagar», sidan det er fruktbart akkurat her. Eit iaugefallande syn er Kingdom Centre, ein drygt 300 meter høg skyskrapar med eit stort hòl øvst.
4 POENG: Byen ligg i platåregionen Najd nokolunde midt i landet. Najd møter fjell i vest og sandørken i nord, aust og sør.
3 POENG: I 2018 vart det lovleg att for kvinner å køyre bil her og i resten av landet. Yamamah-palasset er offisiell bustad for kong Salman.
2 POENG: Byen er hovudstad. Både Mekka og Medina er lenger vest.
1 POENG: Namnet er fleirtal av rawdah, arabisk for «hage».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.