Film
    Undergangen
    Yorgos Lanthimos er mindre original, like stilsikker og meir hardtslåande i Bugonia.
    
    
        Emma Stone i rolla som Michelle i filmen til Yorgos Lanthimos.
        Foto: Atsushi Nishijima / Focus Features / UIP
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Etter fleire familietragediar har Teddy (Plemons) fordjupa seg i konspirasjonsteoriar som han fôrar fetteren Don (Delbis) med. Don har ein nevrovariasjon. Han er sårbar og mottakeleg.
Brått har dei to kidnappa næringslivsdirektøren Michelle Fuller (Stone). Teddy vil at ho – fastbunden i kjellaren – skal innrømme at ho er eit romvesen som øydelegg jorda. Ho nektar for alt.
Storvegs
Folk med filminteresse over snittet kjenner den særeigne greske regissøren Yorgos Lanthimos, det største namnet som sprang ut frå det dei på engelsk kalla «Greek Weird Wave» for femten år sidan. Etter filmar som sprut sprø Dogtooth (2009) melde han overgang til engelsk med like galne The Lobster i 2015. Sidan har han nådd eit stort publikum og prisdryss på Oscar-utdelingar med lettare og framleis kjekke, stilige filmar som The Favourite (2018) og Poor Things (2023).
Mørket dominerte i The Killing of a Sacred Deer (2017) og Kinds of Kindness (2024). Han er produktiv og kunstnarisk ambisiøs. Det gjeld framleis når han breier seg i Hollywood, der han samarbeider fast med stjerner som Emma Stone og Jesse Plemons. Dei er båe supre skodespelarar, også i dei to leiande rollene i Bugonia, ei nyinnspeling av koreanske Save the Green Planet! (2003) av Jang Joon-hwan.
Tematung
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.