Diktet

«Anna Skeide sine dikt tek gjerne form av konsentrerte visuelle scener, ofte gåtefulle.»

  

Publisert

Den norske lyrikaren Anna Skeide levde frå 1910 til 1980. Ho vaks opp i Ørsta og levde heile livet på Sunnmøre. Skeide debuterte med Ro bort din båt over vatnet i 1957 og skreiv seinare ni diktsamlingar til. Den siste fekk tittelen Timen før natt og kom ut posthumt i 1981.

Diktet nedanfor er henta frå Blå time (1967). Skeide sine dikt tek gjerne form av konsentrerte visuelle scener, ofte gåtefulle. «Kirsebærvegen» har noko muntert over seg, som både skuldast barneandleta, barnelatteren, og den strålande raudfargen. Kirsebæra skin og skjemtar, lyser som soler, viser veg for eget. Rytmen er ikkje heilt fast, slik han er i Skeide sine tidlege dikt, men rommar likevel nokre diskrete rim.

I første strofe skildrar eget «kirsebærvegen min»: Her kallar bæra fram tankar om ertande, skrattande ungar. Diktets du får ikkje ta del i denne kirsebærvegen, men må leite opp sin eigen. Korleis kan han sjå ut? Kanskje som «små raude soler». Det er som om bæra får ein opphøgd status i diktet; heilt vanlege kirsebær skal lyse veg for oss i livet, fortelje om framtida som ei spåkule. (Men kan eg eigentleg skrive «heilt vanlege kirsebær»? Er ikkje den saftige smaken og fargen heilt uvanleg og overraskande kvar gong? Slik kjennest det i alle fall når snøen lavar ned i april.)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement