Vold om Wildenvey
Lyrikk
I lyrikkspalta i Dag og Tid nr. 10 (9. mars 2018) kommenterte Jan Erik Vold diktet «Februardialog» (1925) av Herman Wildenvey. Vold trekte mellom anna fram strofe 6, der det står om fotspora til kjærasteparet i nysnøen: «Han ser deres skritt,/ hennes og sine.» Vold påstår at det korrekte skal vere «hennes og hans», og at Wildenvey valde «sine» av di han trong eit rimord på «fine». Eg gnir meg i auga – det heiter då «han ser skrittene sine» på bokmål, like mykje som «han ser skritta sine» på nynorsk? Var riksmål før 1929 så dansk at dei ikkje nytta refleksive eigedomspronomen?
Om strofe 2 skreiv Vold at Wildenvey nytta «engelske rim»: «all right/ Sportsman’s Delight». Men «all right» er då vel minst like norsk som andre framandord, iallfall i dagleg tale, og Sportsman’s Delight var eit norsk tobakksmerke som Tiedemann produserte frå 1920 til 1925. Wildenvey røykte og skreiv seg inn i tobakkshistoria slik som mange andre norske forfattarar både før og etter. Men eg trur vi er samde i at Wildenvey vog og valde orda sine vel.
Tom K. Grimsrud er lækjar og forskar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Lyrikk
I lyrikkspalta i Dag og Tid nr. 10 (9. mars 2018) kommenterte Jan Erik Vold diktet «Februardialog» (1925) av Herman Wildenvey. Vold trekte mellom anna fram strofe 6, der det står om fotspora til kjærasteparet i nysnøen: «Han ser deres skritt,/ hennes og sine.» Vold påstår at det korrekte skal vere «hennes og hans», og at Wildenvey valde «sine» av di han trong eit rimord på «fine». Eg gnir meg i auga – det heiter då «han ser skrittene sine» på bokmål, like mykje som «han ser skritta sine» på nynorsk? Var riksmål før 1929 så dansk at dei ikkje nytta refleksive eigedomspronomen?
Om strofe 2 skreiv Vold at Wildenvey nytta «engelske rim»: «all right/ Sportsman’s Delight». Men «all right» er då vel minst like norsk som andre framandord, iallfall i dagleg tale, og Sportsman’s Delight var eit norsk tobakksmerke som Tiedemann produserte frå 1920 til 1925. Wildenvey røykte og skreiv seg inn i tobakkshistoria slik som mange andre norske forfattarar både før og etter. Men eg trur vi er samde i at Wildenvey vog og valde orda sine vel.
Tom K. Grimsrud er lækjar og forskar.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.