Ordskifte
Uvisse om kjønn
Elevar teiknar på tavla.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB (modellklarert)
Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) har sendt eit forslag til korleis lærarar skal forhalda seg til kjønn i skulen. Kjønnslege pronomen som han og ho, og mor og far, bør ein ifølgje Bufdir vera varsame med. Dette er tilrådd fordi lærarane ikkje kan vita om eleven dei forheld seg til, er ein transperson.
I praksis avviklar dermed Bufdir kjønn som identifiseringsfaktor i skulen. Konsekvensane av dette er ukjende. Bufdir reknar med at dette skal skjerma elevar som oppfattar seg som transkjønna. I og for seg prisverdig, men Bufdir tek feil når dei reknar med at dette fremjar mangfald. For det transkjønna er relatert til om ein identifiserer seg med sitt eige biologiske kjønn (cis) eller det andre kjønnet (trans). Det kjønnslege han og ho blir dermed bytt ut med dei biologiske, binære termane cis og trans.
Før snakka me om det heile mennesket og at alle hadde ein manne- og ei kvinneside i seg. At me har både maskuline og feminine trekk, og at kjønnsambivalens er ei naturleg sak, spesielt i ung alder. Dette gir rom for eit allsidig og mangfaldig kjønnsuttrykk. Jenter som liker guteaktivitetar, kan framleis vera jenter, og gutar som liker jenteaktivitetar, kan framleis vera gutar utan å måtta setja spørsmålsteikn ved det biologiske kjønnet sitt.
Tilrådinga til Bufdir kan derimot lett føra til at stadig fleire elevar vil bli usikre på det biologiske kjønnet sitt. For innfallsvinkelen i tilrådinga fokuserer på og nærmast tvingar elevane til å ta eit ganske innsnevra val om at ein anten er cis eller trans. Dette kan vanskeleg kallast for mangfald. Det fører heller til at ein utset unge menneske for ei uvisse som er forvirrande og unødvendig. Samtidig signaliserer styresmaktene gjennom å byta ut kjønnstermane han og ho med dei biologiske termane cis og trans, at likestillinga mellom mann og kvinne ikkje lenger er eit relevant tema.
I utgangspunktet burde Bufdir også ha relatert rettleiinga si til den amerikanske tenkjaren Judith Butler. For tankane som rettleiinga baserer seg på, kjem ikkje frå eit inkje. Dei har eit ideologisk utgangspunkt, og Judith Butler har, gjennom teorien om til dømes den heteroseksuelle matrisa bidrege til å orientera teorien om kjønn i ei meir tosidig og dermed binær retning. Eller som ho skriv i boka Gender Trouble frå 1990: «Ei ordning der heteroseksualiteten framstår som naturgitt og obligatorisk regulerer kjønn som ei binær relasjon. Her blir det maskuline skilt frå det feminine.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.