JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Uvilje hos målaktivistane

Ein må stå på rett språkpolitisk grunn for å bli tatt seriøst.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finn-Erik Vinje.

Finn-Erik Vinje.

Håkon Mosvold Larsen / NTB

Finn-Erik Vinje.

Finn-Erik Vinje.

Håkon Mosvold Larsen / NTB

5234
20240426
5234
20240426

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

I Dag og Tid 5. april skreiv eg «Nokre ord omkring eit kjensleg kapittel i biografien om Finn-Erik Vinje». Eg peika på at Mållagets åtak på Vinje som fiende av nynorsk og «alt folkeleg språk» var urettvist, og at Tove Bulls artikkel i Syn og Segn 1988 om denne «rikssynsaren» ikkje var så «sakleg» og «kritisk» som ho og Ottar Grepstad ville ha det til. Eg avslutta med at språkdebatten kunne trenge meir «tvisyn».

Ottar Grepstads svar i Dag og Tid 12. april ber tittelen «Tvisyn med skylappar». Han synest det er «freidig» av meg å vere den som skal mane til tvisyn i den norske språkdebatten.

Grepstad har nemleg for lengst plassert meg i fiendeleiren, «dei som forvaltar det historiske fleirtalshegemoniet», og det er typisk at oppmodinga om å beherske seg kjem derifrå, skriv han.

Vinje-biografen Hem kallar Tove Bulls artikkel «karakterdrap». Dette er ifølgje Grepstad eit feilsyn, og feilen er at Hem «vik unna å ta stilling til det språkpolitiske grunnlaget for kritikken Bull la fram».

Ein må altså stå på rett språkpolitisk grunn for å bli tatt seriøst.

«Hos Løberg stengjer skylappar for tvisynet», meiner Grepstad. «Sjenerøst og profesjonelt sende altså Bull manuskriptet til Vinje lenge før publisering. Dette kommenterer Løberg på verste vis. ’[Vinje] fekk på førehand vite at han skulle avrettast!’»

Eg medgir at eg burde ha ironisert utan å bruke slik biletleg tale. Men eg stussar jo over Grepstads overmåte sterke reaksjon: «Slike drapsmetaforar byd meg sterkt imot, og setninga burde ikkje ha passert redaksjonen i Dag og Tid.» Til slutt rår han meg til å finne fram att normene for sakleg debatt som Arne Næss sette opp «i dei krigsåra då folk faktisk blei avretta her til lands»(!!)

Grepstad tilbakeviser at det skulle vere samanheng mellom Tove Bulls artikkel og Jon Låtes krasse åtak på Vinje på landsmøtet i Noregs Mållag i 1988. Han viser til at berre fem dagar etter landsmøtet sende Bull manuskriptet til Vinje, at ingen skriv ein så lang artikkel på så kort tid, og at han tinga artikkelen lenge før landsmøtet.

«Kan ikkje dette språkpolitiske åtaket på ’rikssynsaren’ kallast ein ’brannfakkel’?»

I biografien står landsmøtet 1988 i fokus fordi motstanden mot Vinje kom så sterkt til uttrykk der. Det spelar lita rolle at Tove Bull ikkje skreiv som ei direkte følgje av landsmøtet isolert. Det viktigaste er sambandet og likskapen mellom Tove Bulls artikkel og anti-Vinje-haldninga i Noregs Mållag.

Grepstad nektar for at han tinga «ein brannfakkel» av ein artikkel frå Tove Bull. Dessutan misliker han sjølvsagt at eg set i hermeteikn dei orda han meiner særpregar artikkelen, nemleg «sakleg» og «kritisk».

Eg har sett nærmare på Bulls artikkel i Syn og Segn 1988, «Dagens Vinje – gårsdagens Vinje» og synest hermeteikna kan stå.

Som før nemnt kalla Einar Lundeby artikkelen «helt og holdent et personangrep, og det i en tone som nærmest må kalles hatefull». I Dagbladet, som fikk teksten før han blei prenta, heitte overskrifta «Hardt skyts mot Vinje», og ingressen: «Finn-Erik får så øra flagrer.»

I innleiinga ironiserer Tove Bull over namnet til «rikssynsaren». Før 1960 hadde Finn-Erik familienamnet Dahl. Han skifta til namnet Vinje – som etter kvart òg blei brukt utan stor førebokstav. Bull skriv: Fråsett «nylaga særdanningar som lødd av namnet Løddesøl er Quisling den einaste nordmannen attåt Vinje som eg kan kome på, som har fått etternamnet sitt omdanna til samnamn».

Artikkelen er utstyrt med bilete, og dei fleste av bilettekstane er ironiske.

Eit viktig avsnitt heiter «Språk-Noregs barnetimeonkel». Det handlar om korleis Vinje misbruker sin professortittel som språkleg «Klara Klok». «Hadde han vore kvinne, ville ein kunne sagt at han bruker kjønnet sitt skamlaust.» Typisk for Vinje er «korkje fagleg breidd eller fagleg djupn» osv.

Kvifor går Tove Bull her så hardt ut mot «riksrettaren» Vinje? Det kjem ikkje berre av at Vinje hadde skifta syn på sidemålsstilen. Med rette peikar Hem på at dei to hadde ulikt syn på det meste som hadde med normering å gjere. Særleg Vinjes utrettelege arbeid for talemålsnormering i NRK, også for nynorsk, vakte irritasjon. Når det gjaldt NRK sine nyheitssendingar, meinte Vinje at «dialekt er støy på linja», og i eit kapittel med denne overskrifta må han tole mykje ironi frå Bull til straff.

Vinje meinte òg at den første lese- og skrive-opplæringa ikkje bør skje på dialekt – stikk i strid med Bull.

Vinje har alltid hevda at ved å lære grammatikk blir elevane flinkare til å skrive norsk. Typisk nok set Bull spørjeteikn ved dette og kallar det «overtru» utan prov i forsking.

For Tove Bull er språk primært eit maktmiddel. All språknormering – også i eldre tid – er politikk, aldri «språkhistorie», slik Vinje gjer det til.

Kan ikkje dette språkpolitiske åtaket på «rikssynsaren» kallast ein «brannfakkel»?

Hos Bull som i Mållaget heiter det: Språkfred tener berre «overklassa» og språkundertrykkinga. (Som om overklassa ikkje har endra seg og nynorskbrukarar ikkje finst i samfunnseliten!)

Kvifor vekkjer «språkfred» slik uvilje hos målaktivistane? Er det fordi eit mildare klima i språkdebatten vil svekkje maktgrunnlaget deira?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis