JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Utfordringane våre

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Jonas Gahr Støre då han deltok på årets internasjonale festival for flytande vindturbinar, Floating Wind Days, i Haugesund i slutten av mai.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

5962
20230825
5962
20230825

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Energi

Jon Hustad reiste 23. juni problemstillinga om kvifor det nå vert kjempa for å auka produksjonen av elektrisk energi i Noreg så sterkt. Han nemner planar som kan fordobla forbruket i Noreg. Vi er frå før ein storprodusent og storforbrukar av elektrisitet. Sjølv om det grøne skiftet tilseier at elektrisitet får nye bruksområde, trengst nå kritisk ettertanke.

Kraftkrevjande industri har i Noreg hatt særs gode avtalar som har gitt billegare energi enn mange konkurrentar har tilgang til. At oljesektoren har gitt mange særleg gode tider, er heva over tvil. At slike forhold ikkje er like sjølvsagde lenger, kan gi både politisk kamp og intens lobbyverksemd for å ta vare på privilegium. Striden om lakseskatten kan gi oss ei pedagogisk innføring i kva kamp for å verna om privilegium kan føra til.

Kamp for å bringa fram meir energi, om nødvendig med sterke subsidiar, kan difor forklarast, sjølv om ei nærare undersøking måtte visa at ein slik politikk ikkje trygger velferda i Noreg. Både leverandørindustrien som kan få oppdrag frå havvindsatsing, og kraftslukande industri kan i ein slik kamp ha sterke særinteresser for å underbygga behov for billeg energi, sjølv om det ikkje skulle tena norsk velferd på sikt. Også faglege interesser for å fremma bruk av atomenergi i Noreg tar del i denne kampen. Dette kan nå gi oss grunn til å analysera kva som har gitt velstand for Noreg, og kva som kan ha hindra god ressursutnytting i vår nære historie.

Basert på solid arbeid frå byråkratiet i Oslo har vi utvikla eit styringssystem for oljesektoren bygd på konsesjonsordningar, og eit skattesystem som fører til at grunnrenta, verdien av sjølve oljeresursen, blir fellesskapets verdi. Eit forvaltningsmessig meisterstykke, kalla Statsvitskapleg institutt det. Det har skapt grunnlag for politiske vedtak som har tent oss godt.

Andre erfaringar finst. Då Hydro på Karmøy starta aluminiumsproduksjon, kom elektrisiteten frå Røldal-Suldal Kraft. Kring 1970 var byggekostnadene for anlegget om lag 470 millionar kroner. Det tilsvarar kring 5 milliardar kroner i dag. Det er seinare skjedd utvidingar.

Heimfallsretten som vart innført for vel hundre år sidan, tilsa at kraftverket skulle bli statens eigedom i 2022. Då staten gjennom ei lovendring gjorde det mogeleg for Hydro å omgå denne retten, innebar det ei gåve til Hydro på 5 milliardar eller kanskje meir frå staten. Nå har vi, ikkje uventa, kø av store industriprosjekt som vil ha store energimengder. Fleire vakne industribyggarar kan ynskja billeg kraft.

Vi må kritisk vurdera om vi vil vera tente med å bruka energi og arbeidskraft til slike tiltak. Eksportvarene våre aluminium og ferrolegeringar er i realiteten stor eksport av norsk elektrisitet. Skal vi skapa velferd, må energien brukast på samfunnsøkonomisk verksemd. Framover vil vi få kamp om arbeidskrafta. Sysselsettinga vil ikkje auka, og eldreomsorga får større oppgåver. Det kan bety at tradisjonsrik industri som har tent landet i andre fasar, ikkje lenger er tenleg for landet. Nå må vi difor rekna med tung lobbyverksemd frå veletablerte, ressurssterke økonomiske interesser som gjerne skyv framføre seg arbeidstakarorganisasjonar.

Då norsk økonomi skulle omstrukturerast for å gi plass for oljeverksemda, klargjorde Stortingsmelding nr. 25 (1973–1974) på førehand at nye, lønsame arbeidsplassar ville konkurrera ut etablerte industribedrifter, og at bruk av oljepengar over statsbudsjettet ville føra til at konkurranseutsett industri måtte avgi arbeidskraft til andre sektorar. Likevel vart det innført subsidiar som i realiteten motverka omstruktureringa og stoppa produktivitetsveksten, slik at norsk velferd vart truga. Finansministeren den gongen, Per Kleppe, har erkjent at Arbeidarpartiet sin subsidiepolitikk vart styrt av ynsket om å vinna tilbake veljarar frå SV etter EF-striden i 1972.

Arbeidarpartiet har difor i to omgangar seinare tatt alvorlege oppgjer med denne subsidiepolitikken som truga velferda vår. Teknokraten Finn Lied, som har vore Arbeidarpartiet sin industriminister, var leiar for eit breitt samansett utval som einstemmig gav råd om sterk avgrensing av bruken av subsidiar.

Regjeringspartia og SV kan i dag minna om den konstellasjonen som la grunnlaget for skadeleg industripolitikk. Uheldig politikk i seinare periodar, som innføring av grøne sertifikat, kan sporast tilbake til same politiske konstellasjonen som vi har nå: Overkapasitet i kraftproduksjonen skapt blant anna av subsidiar til vindmøllene, førte til låge prisar for elektrisitet. Statsminister Stoltenberg kjempa mot subsidiane, og skriv om denne kampen i boka si. Regjeringspartane SV og Senterpartiet pressa dei gjennom. Subsidiane førte til at reduserte energiprisar skapte konkurstrugslar for bønder som hadde bygd småkraftverk. Også selskap eigde av det offentlege, som Lyse, fekk reduserte overskot. At dette skapte press for fleire kablar til utlandet for å få prisen opp att, er forståeleg.

Kor mykje energi vi har bruk for, avheng blant anna av om vi har prisar som skaper effektiv utnytting av elektrisiteten. Det krev at prisen tilsvarar kostnadene ved å bygga ny kapasitet. Klimautfordringane tilseier effektiv bruk av elektrisiteten. Låge prisar har ført til at vi sløser med energien. Omsynet til norsk velferd tilseier at låge prisar skader fellesskapet på to måtar. Det gir mindre verdiskaping i Noreg gjennom feilallokering av ressursane våre, og det skader fordelingspolitikken.

Hadde vi brukt lågare pris på olje til norske bedrifter, ville det påverka bruken av arbeidskrafta, fordi brukarane av olje ville fått konkurransekraft som sette dei i stand til å utkonkurrera bedrifter med betre samfunnsøkonomisk lønsemd. Det ville gitt mindre totalinntekt i landet, samstundes som storforbrukarar av olje ville fått auka inntekter. Det ville ført til at andre fekk mindre inntekt både fordi totalinntekta vart mindre, og fordi storforbrukarane av olje fekk meir.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Per Anders Todal

Eit minnesmerket over slaget om Gallipoli i (1915–1916), synleg for alle som kryssar Dardanellane mellom europeiske Kilitbahir og asiatiske Canakkele.

Foto: Jorge Láscar / Wikipedia Commons

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Grushaughoroskopet

TROJA: I ruinane av den halvmytologiske trojanarkrigen kan ein, om ein tolererer litt pompøsitet og fiasko, freiste lese si eiga krigerske tid i lys av ei gammal.

Mohammed Naseem fotografert av Anders Hammer i 2009. Naseem ville då gå til sak og krevje erstatning frå Noreg. Han blei drepen under uklåre omstende året etter.

Foto: Anders Hammer

ForsvarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Lygekorset med sverd og eikelauv?

Eirik Kristoffersen fekk Krigskorset med sverd for leiinga av spesial­operasjonar i Afghanistan. I den viktigaste skulle ein sentral Taliban-leiar ha blitt arrestert. Så begynte historia å smuldre opp.

Italias blåblåe statsminister Giorgia Meloni takkar folket sitt for tilliten etter at resultatet i EU-parlamentsvalet blei kjent 10. juni 2024.

Foto: Alberto Lingria / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Dei lyseblå var dei verkelege vinnarane

Det er lite truleg at partia på ytre høgre fløy kan veksle framgangen i EU-parlamentsvalet inn i makt og politisk innverknad.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis