JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2752
20170825
2752
20170825

KOLLEKTIVTRANSPORT

Håvard Rem, fast skribent i Dag og Tid får, 18. august boltre seg over to sider om Noregs manglande satsing på tog i høve til mange andre europeiske land på 2000-talet. Kva saknar eg når eg kjem heim frå togferder i Frankrike, Ungarn eller Kina? skriv han. Ljoset i enden av tunnelen. Ei von om at jernbanen her heime er noko anna enn eit langsamt avviklingsprosjekt, ein pasient på sotteseng som for skams skuld vert halden kunstig i live.

Rem har tydelegvis reist med raske tog mellom millionbyar i Europa og Kina, og vil ha slike også mellom småbyane på Sørlandet, men raske tog har vi få av på jorda fordi dei er ekstremt kostbare og energi- og ressursbrukande samanlikna med alle andre former for transport. Kina har 10.000 km med lyntoglinje, noko som tilsvarar 30 km i Noreg ut frå folketalet. Det er ei halv Gardermobane. Resten av verda har også 10.000 km noko som tilsvarar 10 km i Noreg.

Noreg er på topp globalt når det gjeld satsing på tog. I NTP 2018–29 er det ført opp nesten 400 milliardar kroner til bygging, vedlikehald og tilskot til drift av tog som berre står for 1 prosent av personreisene i landet. Det utgjer 12 kr per km som ein person reiser i reint statstilskot. Inntekter frå person og godstransport er ikkje med her. Mellom Florø i Sogn og Fjordane og Oslo går det ei bussrute. Skulle ein passasjer der få tilsvarande mykje tilskot, ville det bli 12.000 kr tur/retur. Selskapa som driv ruta, treng berre 30 kr per km dei køyrer ein buss, medrekna rett betaling for vegbruk, og det vert 30.000 kr tur/retur. Med 30 i bussen vert det 1000 kr per reisande. Skulle resten av tilskotet gå til passasjeren, ville han få utbetalt 11.000 kr for ein dag med bussen fram og tilbake Florø–Oslo. Med 200 slike reisedagar ville årsinntekta bli 2,2 millionar kroner om staten vil punge ut på tilsvarande måte som for tog.

Den fremste kinesiske eksperten på lyntog uttala på TV-kanalen CCTV at lyntog er for «The money people». Dessutan meinte han at farten burde reduserast med tanke på energibruken. I Noreg ordnar Stortinget med veldige statsmiddel for ei lita gruppe pendlarar rundt Oslo. Dei skal reise med Intercitytoget i 250 km/t frå småbyar som Halden, Skien, Lillehammer og Hønefoss til Oslo. I 2032 kan folk på det sentrale Austlandet bu kvar dei vil og halde på draumejobben, sa finansminister Siv Jensen frå rasjonaliseringpartiet Frp då ho presenterte samferdsleplanen på Oslo sentralbanestasjon 2. mars i år. Ho nemnde ikkje at skattebetalarane i heile landet skulle ta 95 prosent av rekninga. Ho nemde heller ikkje at Intercitytoget berre vil stå for 1 prosent av personreisene internt og til/frå Oslo og Akershus. Det vil difor ikkje avlaste vegane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis