Tankar om buplikt

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Frå 1974 blei det i Noreg innført buplikt i fem år ved overtaking av landbrukseigedomar innanfor familien eller ved arv. Grunngjevinga for dette var først og fremst omsynet til produksjonsevna i landbruket.

Det var først frå 2001 omsynet til busettinga i distriktet kom inn som eit argument som skulle vege tungt ved avgjerder om konsesjon og ved søknad om fritak for buplikt. På same tid kom ein auke i talet på kommunar som innførte nedsett konsesjonsgrense på alminnelege bustadeigedommar.

I 2008 kom ytterlegare innstrammingar. Inntil då kunne ein bonde bu på garden og dokumentere at han overnatta flest netter per år nettopp der. Det var ikkje krav om at ektefelle og barn skulle flytte med. Dette blei heretter umogleg. Folkeregisterlova har ikkje unntak som gjer det mogleg å bu anna enn saman med ektefelle og barn, med mindre ein er politikar (!).

På same tid fekk kommunane høve til å innføre konsesjonsplikt for også arva alminnelege bustader.

Konsesjonslova var nær å bli oppheva i 2014 etter forslag frå H/Frp. Det har vore enkelte oppmjukningar i regelverket knytt til storleik på eigedommane etter den tid, men ikkje prinsipielle endringar.

Dei som har sett på tala, har kome til at busettingsomsyn i distrikta no er den hyppigaste grunngjevinga for buplikt i dei tilfella det er søkt om konsesjon eller fritak frå ho.

Landbruket vert i dag drive på ein annan måte enn før. Det handlar ikkje om ein mann med traktor og motorsag i skogen. Med mindre ein har dyr å sjå til, treng ein ikkje bu på garden for å drive han. Aanesland mfl. dokumenterte rundt tusenårsskiftet at buplikta ikkje hadde hatt nyttige verknader for produksjonen i landbruket.

Eg får ikkje lyst til å investere eller legge pengar i vedlikehald om det ikkje er mogleg å ha eit langsiktig perspektiv på dette som handlar om generasjonar.

Buplikta reiser menneskerettsspørsmål. Det handlar om rett til eigedom og rett til å ta bustad der ein ønskjer. Avgrensing i desse rettane krev god grunngjeving. Dersom det er naudsynt for å produsere mat, kunne det trekke i retning av å vere ein slik grunn. Å halde liv i distrikta er neppe ein tilstrekkeleg grunn.

I ei EU-domstolavgjerd frå 25.1.07 (Festersen) blei det kjent for rett at: «Artikkel 56 EF er til hinder for at det i en nasjonal lovgiving som den i hovedsak omtvistede som betingelse for erverv av landbrukseiendom stilles krav om at erververen tar fast bopel på eiendommen.» Dei meinte òg at det ikkje var vesentleg om det var snakk om ei sjølvberande eining eller om bustaden knytt til eigedommen låg i ei bysone. Det var snakk om prinsipp, og dei viste òg til EMK i avgjerda. Saka var ein uttale til dansk rett som skulle treffe avgjerd i ei sak der ein tysk borgar hadde kjøpt landbrukseigedom i Danmark, men ikkje budde der. Noreg hjelpte Danmark i denne saka, då ho ville ha innverknad på forholda i Noreg.

I etterkant av avgjerda utvida Noreg buplikta. Danmark har forsøkt seg med å gjere ho upersonleg, og gjev for tida liberale fritak frå ho i usentrale område.

Det er sannsynleg at ein ville kunne vinne fram i ei sak om buplikt i Noreg med bakgrunn i avgjerda.

Der eg kjem frå, tel dei hovud. Talet avgjer økonomien. Verdiskapinga i kommunen har dreia seg frå å produsere mat og tømmer til å produsere opplevingar. Det har vore ei massiv utbygging av hytter og satsing på turisme. Denne transporten og utbygginga må ha store miljømessige konsekvensar.

Det er fokus på å skape arbeidsplassar i alternative eller turistretta næringar.

Samtidig er det låg arbeidsløyse i landet. Det er stor mangel på helsepersonell. Det er min påstand at denne arbeidskrafta vil vere betre nytta i andre næringar. Eg spør meg også om det kan vere god politikk å bruke større pengesummar i «omstillingsprosjekt» for å skape aktivitet som er lite nyttig, tek i bruk areal og har ein negativ klimarekneskap.

For tida er det krig i Ukraina. Det siste kvartalet har det i distrikta vore ein folketalsauke på grunn av flyktningar. Når dette blir til godt nytt for bygda, ristar eg på hovudet.

Gjelsviks distriktsmelding gjev ikkje håp om endringar på bygda. Det har vore kritikarar som seier ein må gje opp målet om å unngå nedgang i folketalet, og bede kommunar fokusere på «bulyst» framfor talet på innbyggjarar.

Som arving til landbrukseigedom på bygda ser eg det som meir enn urimeleg at ungane må slutte i korps, at kona må slutte å vere treningsinstruktør, og at vi må pendle langt kvar dag til jobb. Ikkje minst fryktar eg at oppvekstmiljøet i bygda er ytterlegare forverra sidan eg budde der. Dette kan eg ikkje by familien. Dette krenkar våre rettar. Prosjektet om busetnad i bygda har ikkje noka tilknyting til vårt prosjekt om å produsere landbruksprodukt på eigedommen.

For realismen i landbruket er det eit problem at det heile tida er menneske som får ei «rural openberring», får hendene i jorda og framstår nyfrelste. Desse får stor merksemd i bygdemiljø som positive pådrivarar for bygda. I den store samanhengen er denne gruppa på gjennomtrekk. Entusiasmen varar ikkje, og tek ny form.

Det er også eit problem med dei som meiner at å eige eit landbruk er eit privilegium som ein skal vere verdig. Er ein ikkje villig til å inngå i bygdemiljøet, vil andre tre inn: dei som «har dei rette haldningane».

Det er min påstand at eigedomsretten står sterkare enn dette, og at påstandar om verdigheit er uvesentlege.

Det er på tide at norsk lov på området kjem i harmoni med overordna lovgjeving.