Svar frå den tyrkiske ambassaden
Kurdiske YPG-krigarar står vakt medan styrkane frå USA posisjonerer seg i landsbyen Darbasiyah nord i Syria i 2017.
Foto: AP / NTB
Det er ein illusjon at SDF/YPG, som er ein del av terroristorganisasjonen PKK, har kjempa mot Daesh. Det var USAs lagnadstunge val å samarbeide med PKK i Syria mot Daesh. USA burde no ha lært at å slåst mot ei terrorgruppe ved hjelp av ei anna terrorgruppe aldri kan føre til ei løysing, men berre skaper fleire problem.
Kjelder som «Rojava Information Center» burde enkelt og greitt lesast som «PKK», sidan vi veit kva dei faktisk er. Gjettingane og dei medvite misvisande framstillingane i kronikken viser at dette er rein PKK-propaganda. Vi håpar den norske ålmenta ikkje vil gå i denne fella, for den såkalla «Rojava» er ikkje eit «sjølvstyre i Nord- og Aust-Syria», slik det står i kronikken, men rett og slett eit område som er ulovleg okkupert av ein terroristorganisasjon.
Les kronikken «Tyrkia, Nato og sjølvstyret i Nord- og Aust-Syria» her.
Trass i vår sterke motstand og våre råd som ein alliert valde USA å støtte, væpne og finansiere PKK/YPG i Syria, og det er opphavet til alle problema. Dette liknar på ein leigesoldatavtale, og vi veit ikkje kva YPG vart lova til gjengjeld for deira «tenester». Den nøye utforma illusjonen om at «YPG utkjempa ein krig mot Daesh» til fordel for «verda», og at dei lukkast, vart iscenesett steg for steg og teke opp att i vestlege medium. I røynda var YPG berre interessert i å sikre seg eit territorium for å krevje autonomi og til slutt sjølvstende. Dei berre pressa Daesh vekk når dei fekk sjansen, ved hjelp av lyssky avtalar og tvilsame metodar. Som oftast var det ikkje snakk om ekte kampar med avgjerande resultat. Ein kan samanlikne det med å feie støv frå eitt rom til eit anna i huset og påstå at ein har «gjort reint».
Vi har i staden tilbode våre allierte å bli med oss i ein reell, effektiv og lovleg kamp mot Daesh i samarbeid med ein kompetent alliert, Tyrkia, og ikkje saman med ei eigenrådig terroristgruppe.
Som ein aktiv medlem av Global Coalition against Daesh sidan oppstarten, har Tyrkia meir enn noko anna land kjempa mot Daesh i Syria og betalt den høgaste prisen for det. Tyrkia var det einaste Nato-landet som deltok i nærkamp med Daesh-terroristar i Syria. Vi har eliminert meir enn 4500 Daesh-terroristar i Syria og Irak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.