Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Studentane bør betala for seg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2716
20180504
2716
20180504

Utdanning

«Samfunnet må tole at unge prøver og feilar før dei finn ut kva dei skal studere», sa forskar ved Universitetet i Oslo, Elisabeth Hovdhaugen til Dag og Tid 27. april. Hovdhagen hevdar at det er ein fordel med fleksibilitet i utdanningssystemet i Noreg. Det er eg samd i, men det er ikkje dermed ein sjølvsagd rett at alle andre skal vera dei som betalar for det.

Det er fullt mogleg å ha eit fleksibelt utdanningssystem der studentane kan veksla mellom studieretningar samstundes som studentane må betala ei avgift for å studera. At norske studentar studerer så lenge, er ikkje berre negativt for samfunnet, men det har ein høg pris. Det er langt frå sikkert at det er rett bruk av ressursar at det er gratis å studera.

Som saka til Dag og Tid-journalist Ronny Spaans syner, har det fleire negative fylgjer. Professor i økonomisk historie ved Universitetet i Oslo, Einar Lie, som vart intervjua i saka, peika på at studentane kjem seint ut i arbeid, og at det er negativt for produktiviteten i samfunnet. Lie nemner også at fråfall forringar kvaliteten på studia.

Både Lie og Hovdhaugen er uroa for det høge fråfallet. Lie peikar på at den langstrekte studiefinansieringa og alderspoeng verkar negativt. Hovdhaugen nemnde at tettare evaluering av studentane kunne hindra fråfall. Begge kan ha gode poeng, men skal me framleis ha fleksibilitet, og ikkje skapa unødige hinder for studentane, til dømes meir administrasjon, er studieavgift ei betre løysning.

I Civita har me gitt ut fleire notat med argument for ei moderat studieavgift. Så lenge Lånekassen gjev lån og stipend til å betala avgifta, treng det ikkje vera til hinder for sosial mobilitet. Det er ikkje rett at det er gratisprinsippet som sikrar lik rett til høgare utdanning i Noreg. Dessutan er det urimeleg at studentar, som jamt over kjem frå gode kår og tener godt når dei kjem i arbeid, skal få gratis utdanning.

Kollegaen min, Mats Kirkebirkeland, har vist at det er relativt stor ulikskap i bakgrunnen til dei som tek høgare utdanning, og dei som ikkje gjer det. Det vert ofte nytta som eit argument mot studieavgift. Men det er meir rett å bruka det som eit argument for det motsette. Spaans intervjua i saka si Jan Øyvind Grung Sture, som har master frå musikkhøgskulen, og som vil ta ein ny grad. Det er ikkje sikkert det er i andre si interesse at Sture også får dette gratis.

Ein handverkar ynskjer kan hende meir av noko anna frå det offentlege, eller lågare skatt. Det er i handverkaren og samfunnet si interesse at fellesskapen framleis i høg grad finansierer studium, men det er rimeleg at studentane betalar ein skjerv sjølv òg.

Lars Kolbeinstveit er filosof i Civita.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis