Straumprisar
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Me «eigde» visstnok straumen før.
No vert ein flådd i vest og sør,
for me må tenkje meir globalt,
det vert me ofte nok fortalt.
Men kvifor ikkje råde sjølv
i bruken av vårt arvesølv?
«No er det sånn at straum er dyrt
fordi me er blitt Acer-styrt.
Då slepp Europa brenne kol.
Så folk får smørje seg med tol.
Det handlar om å henge med
og gjere slik som EU bed.
Slik er det berre, på ein måte.»
Ja, sånn kan visa låte.
Så Statnett sel vårt arvegods
– til sine sjefars breie glis –
med kabelstraum til ågerpris
og robbar søringar til blods.
Me må ’kje tru at rettferd gjeld
når straum er vare som vert seld
til dei som vil betale dyrt
for handel som er marknadsstyrt.
For «nordaføringar» går fri.
Der regnar det til evig tid,
så NordPool gir dei energi
frå vatn og vind «rett ut-forbi»,
med straumpris på ti – femten øre,
ein tanke høgre her på Møre.
Det får ingen søring røre,
ikkje Vedum, ikkje Støre!