Straumen er vår

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Fram til 1980-åra kjøpte ingen straum her i landet. Å levera straum var kommunal teneste. Kommunale elektrisitetsverk førte straumen fram til alle. Denne tenesta kosta nokre få øre timen, litt meir enn vatnet i røyra. Den kraftkrevjande industrien hadde eigne kraftverk. Med eitt slag tok regjeringa straumen frå kommunane og gav han til nye aksjeselskap.

Aksjeselskapa skulle kjøpa og selja til marknadspris folket sin eigen straum. Stort ran. På den måten fekk vi det systemet alle kjenner i dag, som makthavarane seier dei ikkje kan gjera noko med. Det kan dei.

Det dei kan gjera, svarar til det ei høgreregjering gjorde i 1980-åra, med tilslutning frå sine allierte og Arbeidarpartiet: Ta straumen frå aksjeselskapa og gje han tilbake til dei tidlegare eigarane: kommunane og industrien. Ikkje verre og ikkje vanskelegare enn det som vart gjort sist. For ein gongs skuld er det ikkje EU/EØS som har diktert ordninga. Stortinget er suverent og gjer det Stortinget vil. Tilknytinga til EU sitt energibyrå Acer kan Stortinget gjera om med vanleg («simpelt») fleirtal.

Med straumen tilbake hos eigarane kan Stortinget fastsetja låg felles straumpris for heile landet. Aksjeselskapa kan få tilbake det dei i si tid betalte, eller like gjerne løysast opp. Straum vi ikkje brukar sjølv, kan framleis eksporterast til EU-pris. Dette er den einaste løysinga på straumkrisa. Press og raseri må bryta ned fastfrosen tenkemåte. Presset må rettast mot alle parti. Kravet er enkelt: Straumen tilbake til folket.