Språkleg rettingSpråkLars HernesAndreas Skartveit skriv alltid godt og med stor innsikt om historiske emne. Artikkelen Kassandra (Dag og Tid nr. 18) er ikkje noko unnatak. Men han slurvar i det språklege, og avisa sine korrekturlesarar har heller ikkje ret
Andreas Skartveit skriv alltid godt og med stor innsikt om historiske emne. Artikkelen Kassandra (Dag og Tid nr. 18) er ikkje noko unnatak. Men han slurvar i det språklege, og avisa sine korrekturlesarar har heller ikkje retta opp feila. Skartveit skriv om Oswald (ikkje Osvald!) Spenglers dystopiske Der Untergang des (ikkje der) Abendlandes. Det er ei dårleg omsetjing til norsk å kalla boka Vestens kveld og undergang. I den klassiske antikken, med tyngdepunkt i Romarriket, vart dei austlege landeignene kalla Orienten (der sola står opp). Tilsvarande vart den vestlege delen kalla Oksidenten (der sola går ned). På tysk tyder das Abendland nettopp vesterlanda, etter mønster av den latinske nemninga. Die Abendlandes, som Skartveit skriv, er det ingenting som heiter, verken sakleg eller grammatikalsk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.