Skulesentralisering under lupa – på høg tid?

Større og større skular blir lagde ned, med lengre og lengre skuleskyss for fleire og fleire elevar.

Publisert Sist oppdatert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Sentralisering generelt, og ikkje minst skulesentralisering, no sist aktualisert gjennom NRKs programserie Brølet fra bygda, har vore eit sentralt tema fram mot stortingsvalet. No er sentralisering av grunnskulen i Noreg langt frå noko nytt. Held vi oss til bygdene, kan vi sjå kampen om fastskule frå midt på 1800-talet som første omgang på sentraliseringsskruen.

A.O. Vinje såg med skepsis på avviklinga av omgangsskulen fordi, slik han skreiv i Drammens Tidende i 1853: «Omgangsskolen er bedre enn fastskolen som en Anstalt for virkelig Folkedannelse […] dette [skuleslaget] er den bedste Skole, en Skole, som smelter sammen med Livet og ikke staar udenfor det, saaledes som Fastskolen.»

Sjølv i desse koronatider reknar vi vel «fastskulen» som komen for å bli, men det skal ikkje mykje fantasi til for å sjå at om vi byter «omgangsskule» med «samfunnsaktiv grendeskule/lokalskule» og den faste skulen med «sentralskule», ja, så har Vinje sine tankar mykje for seg den dag i dag.

Skiftande truer

Med 10–15 ungar i kvar familie og ingen skuleskyss blei nettverket av faste skular heller tett mot slutten av 1800-talet og langt inn i det nye hundreåret. Tanken om skuleskyss for å få til større skuleeiningar blei lansert alt på 1920-talet, men skuleskyss i særleg omfang fekk vi ikkje før om lag 1950.

I 20-årsbolken 1950–1970 blei talet på folkeskular/barneskular meir enn halvvert i landkommunane. Drivkreftene var lågare barnetal i skulekrinsane og ei sterk tru på at større skular med aldersreine klassar gav betre læringsvilkår, ikkje ønske om å spare pengar.

På 1960-talet kom det sterke folkelege reaksjonar mot dei store skulane som berre kunne bli store om elevane måtte innhysast på skulestaden eller utsetjast for omfattande skuleskyss. I romanen Dyr last (1963) tok Aslaug Høydal opp spørsmål knytt til lang skuleskyss og innlosjering av elevar. Dette var i den tidlege forsøksperioden for niårig skule. Kunne ikkje avstanden i miljø mellom utkantgrenda og tettstaden med den store nok ungdomsskulen få negative følgjer for grisgrendtelevane både med omsyn til tryggleik, trivsel og identitetsdanning?

Håkon Teigene viste i Eit skuleopprør i Bygde-Noreg (1971) korleis bygdefolket i Vats ikkje gjekk med på å leggje ned skulen, men faktisk sjølv dreiv og finansierte skule i ti år før kommune og stat igjen tok over. Etter kvart på 1950-talet og utetter kom det forsking frå fleire land som dokumenterte at skulefagleg læring i små skular med aldersblanda klassar var like god som i større skular. Det forskinga kunne dokumentere, var negative følgjer av skuleskyss for elevane, som tap av fritid og naturleg mosjon, nedsett kondisjon, redusert velvære og så bortetter.

Nasjonale styresmakter tok signala. I tidbolken 1970–1990 blei det praktisk talt ikkje lagt ned barneskular i Noreg. I mange kommunar var det frå midt på 1970-talet ei omfattande desentralisering av ungdomssteget ved at det i eksisterande barneskular blei lagt til ungdomssteg. Kombinerte barne- og ungdomsskular blei eit vanleg skuleslag i Bygde-Noreg.

Mot undergangen?

I 1986 blei finansieringsordninga for grunnskulen lagd om. Det blei slutt på øyremerkte midlar frå stat til kommune til drift av grunnskule. Gjennom eit nytt inntektssystem (NI) fekk kommunane no ei årleg alt-i-ein-sekk-overføring frå staten basert på objektive kriterium som demografi, geografi og kommunal økonomi.

I stortingsdebatten før vedtaket om NI fekk Kjell Magne Bondevik, dåverande kyrkje- og undervisningsminister, spørsmål frå ein av stortingsrepresentantane om ikkje nyordninga kunne føre til sentralisering av grunnskulen. Statsrådens klåre svar var at nasjonale styresmakter nøye skulle følgje med på at skular ikkje blei lagde ned av økonomiske grunnar. Men staten gav gjennom NI, og litt seinare endra skulelov (1988) og ny kommunelov (1992), frå seg reiskapane for å overprøve kommunale vedtak om å leggje ned skular. Frå tidleg på 1990-talet starta den sentraliseringsbølgja som enno er på gang, med på landsbasis om lag 50 nedlagde skular årleg. Tendensen er at større og større skular blir lagde ned med lengre og lengre skuleskyss for fleire og fleire elevar.

Hovuddrivkrafta bak skulenedleggingane er omsynet til kommunal økonomi. Enkelte har peika på veikskapar ved små skular som dårleg lærardekking, få leikekameratar for ungane og dårlege vilkår for lagidrettar, lite sosial og intellektuell stimulans for elevar og lærarar. Fleire av desse momenta er tilforlatelege nok. Utfordringane kan dels møtast konstruktivt. Men framfor alt må dei vegast opp mot pedagogiske, sosiale og trivsels- og helsemessige fordelar for dei unge si læring og utvikling med å ha skule nær der dei bur, så vel som mot dei samfunnsmessige kostnadene for Bygde-Noreg som ein meir sentralisert skulestruktur inneber.

Kunnskapsskort

I dag er det slik at kommunane i spørsmål om skulestruktur har lite av nyare relevant forsking å støtte seg til. Den siste omfattande norske studien er om lag 30 år gammal. Mykje av dei kommunalpolitiske vedtaka som er styrande for korleis nettverket av skular blir, er derfor baserte på meir eller mindre sunt skjøn eller på rein tru i samspel med tronge kommunale budsjett. Kanskje gjeld dette i særleg grad oppfatningane av kva barnehage og skule i nærmiljøet har å seie for dei unge sine haldningar til framtidig arbeid og bustad, for eit likeverdig tenestetilbod mellom bygd og by, kort sagt for levedyktige og berekraftige lokalsamfunn.

Ei gruppe velkvalifiserte forskarar ved NTNU, Nordlandsforsking og Nord universitet innanfor fagområde som er særleg viktige i denne samanhengen – pedagogikk, helse, velferd og bygdesosiologi – har utvikla rammene for ein større studie for å vinne ny og betre innsikt på dette vide og komplekse saksfeltet. Det er òg etablert forpliktande samarbeid med forskingsmiljø i så ulike land som Canada, Storbritannia, Italia og Australia der liknande studiar er på gang. Søknad til Noregs forskingsråd (NFR) i 2020 og 2021 fekk avslag, trass i at søknaden av to ulike internasjonalt samansette vurderingsgrupper fekk særs gode vurderingar på alle kriteria.

Det er ei kjent sak at å nå fram i NFR med forskingsprosjekt som ikkje fell inn under spesielt definerte programområde, er svært vanskeleg og litt av eit lotterispel. Men i ei tid då distriktspolitikk er eit brennheitt tema, skulle ein tru at det kunne vere tilstrekkeleg interesse og vilje frå sentralt fagleg og politisk hald til å opne for eit forskingsprosjekt av denne typen.