Seigliva mytar om Oslo-sjukehusa

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I intervjuet «Eit seigliva sjukehus» i Dag og Tid 11. februar gjentek Jan Bøhler kjende påstandar om sjukehusplanane i Oslo.

Han hevdar mellom anna at den psykiatriske behandlinga skal flyttast til ei høgblokk ved Sinsenkrysset. Det stemmer ikkje. Tvert om er dei planlagde bygga for rus og psykiatri på Aker tre til fire etasjar høge, og ein legg stor vekt på tilgang til uteområde.

Mykje av tilbodet vårt innan psykisk helsevern er i dag i gamle, utdaterte bygg. Mange av dei er verna og ikkje mogleg å renovere til moderne standard. Både pasientane og medarbeidarane treng nye og moderne bygg som gir betre tilhøve for både arbeidsmiljø og behandling.

Oslo universitetssjukehus (OUS) har jamt over dei eldste og mest nedslitne sjukehusbygga i landet. Det kjem òg fram i ein fersk rapport frå Riksrevisjonen. Det å erstatte gamle bygg har saman med målet om å sikre tilstrekkeleg kapasitet for framtida og å samlokalisere aktivitetar vore retningsgivande for planane for nye sjukehusbygg.

Oslo universitetssjukehus har eksistert sidan 2009, då Ullevål, Aker, Rikshospitalet og Radiumhospitalet vart samla under ei leiing. Gjennom desse åra er det flytta på aktivitetar mellom sjukehusa for å samle fagmiljø og pasientbehandling innanfor ulike område. Men den store utfordringa, den store andelen gamal bygningsmasse, står att å løyse. Då må det byggast nytt. I det lange løp held det ikkje å pusse opp gamle bygg. Moderne bygg handlar om meir enn rom. Det handlar om heile infrastrukturen som skal støtte opp under pasientbehandlinga.

Grundige utgreiingar det siste tiåret ligg bak valet om å samle aktiviteten i Oslo universitetssjukehus på Rikshospitalet, Aker og Radiumhospitalet. Aktiviteten på Ullevål skal flyttast til nye og moderne bygg, ikkje leggjast ned.

Bøhler ser ut til å gløyme at sjølv det alternativet han helst vil ha, vil krevje flytting av tilsette og pasientbehandling. Lokalsjukehuset på Aker skal ha både tilsette og pasientar. Ein modell med vidare drift på fire sjukehus er ikkje bærekraftig. Det gir meir splitta fagmiljø, vil krevje meir bemanning og gir mindre effektiv bruk av dei ressursane vi har tilgjengeleg.

Bøhler meiner tomta på Gaustad er for lita. Storleiken på de planlagde sjukehusa er ikkje bestemt av «for små tomter», men av nasjonale framskrivingsmodellar. Rikshospitalet blir ikkje for lite. Her vil det, i tillegg til regionale og nasjonale funksjonar, vere lokalsjukehus med akuttmedisinske funksjonar for rundt 200.000 menneske. Det er eit volum som gir grunnlag for å ivareta og vidareutvikle god drift og god beredskap.

Det blir stadig hevda at traumemiljøet på Ullevål skal splittast. Sanninga er at den regionale beredskapen og traumemottaket skal vidareførast på Rikshospitalet. Kompetansen på Ullevål blir flytta til Rikshospitalet. Samstundes skal også lokalsjukehuset på Aker ha eit stort akuttmottak. Planane styrker derfor beredskapen i Oslo og i regionen.