Replikk til Kjartan Myklebust
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Eg konstaterer at Kjartan Myklebust i sitt tilsvar forsterkar synspunkta i det første innlegget. Oppsummert punktvis ser det for meg ut som han meiner følgjande:
1. Stormakter har rett til å definere sine interessesfærar.
2. Innan desse sfærane kan dei utøve makta si, også i form av åtakskrig, og uavhengig av viljen til nasjonane, statane og folka som bur i desse sfærane.
3. Demokratisk styresett er ikkje noko ideal.
4. Putin er kanskje ein despot.
5. Noreg hadde blitt hærsett 1940–45 uavhengig av førebuing og evne til motstand.
Det er ei ærleg sak å ha desse meiningane. Vi er usamde om verdivala i punkta 1–3. Vi er kanskje samde om punkt 4. Punkt 5 er og blir ein hypotetisk diskusjon der vi aldri får eit sikkert svar.