Ordskifte
Presten, patriarken og Putin
Den russisk-ortodokse presten Viktor Burdin, her under ei gudsteneste i eit privat kapell, har fått yrkesforbod etter at han har kritisert det russiske åtaket på Ukraina.
Foto: privat
Det er ei uoverstigeleg kløft mellom den russisk-ortodokse patriarken som velsignar «heilag krig», og prestar som vert truga med fengsel for å minna om bodet «Du skal ikkje slå i hel».
Søndag 6. mars 2022: Ti dagar var gått sidan det fullskala overfallet på Ukraina. På kvar sin preikestol stod to russisk-ortodokse geistlege på «Tilgjevingssøndagen» i den ortodokse kyrkja.
I den kvite og majestetiske Kristi Frelsar-katedralen i Moskva leia sjølvaste patriark Kirill gudstenesta. Den mektige leiaren i den russisk-ortodokse kyrkja velsigna aggresjonen. Konflikten stod, sa han, mellom Russlands ortodokse verdiar og «falsk fridom» og prideparadar i Ukraina og Vesten. Kirill var ikkje i tvil om kva side Gud stod på.
I Kristi oppstodekyrkje, ei lita kvit landsbykyrkje i Karabanovo, 40 mil eller så nordaust for hovudstaden, heldt fader Ioann Viktor Burdin preika, om det femte bodet: «Du skal ikkje drepa». Burdin forklarte til den uavhengige avisa Mediazona: «Eg trur at i denne stunda må vi alle, kvart einaste menneske i kyrkja, stå framfor Gud, og Gud ser oss der vi er. Difor vil det å lyga, (eller) å lata som om ingenting har hendt, vera det same som å lyga for Gud.»
Presten åtvara mot hatet som «øydelegg sjela (...) og pressar mennesket til umenneskelege handlingar, når mennesket byrjar å sjå på fienden ikkje som ein person, men som noko som raskt må øydeleggjast, eller (...) nokon som må bli torturert først.»
Alt dagen etter overfallet på Ukraina hadde Burdin og forgjengaren i landsbykyrkja, den då 90 år gamle Georgi Edelstein, på nettsida til kyrkja skrive: «Russiske soldatar drep sine brør og søstrer i Kristus.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.