«Populisme» med slarkPolitikkHallgrim BergEr det fleire enn eg som vert lei bruken av ordet i kvar politisk selektiv samanheng?

Kvifor vert Sylvi Listhaug (Frp) kalla populist, men ikkje Audun Lysbakken (SV), spør Hallgrim Berg.
Kvifor vert Sylvi Listhaug (Frp) kalla populist, men ikkje Audun Lysbakken (SV), spør Hallgrim Berg.
Publisert

Er det fleire enn eg som vert lei bruken av ordet populisme i kvar politisk selektiv samanheng?

Når ein kommentator skal stemple noko eller nokon negativt, anten det dreiar seg om politiske rørsler, einskildpersonar eller spesifikke folkevalde, dukkar denne karakteristikken stadig fram.

Det er dei som sit med den rådande definisjonsmakta, som avgjer mest all debatt. Populisme vert framstilt som noko vulgært, farleg og einsynt, særleg når det er tale om høgrepopulistar.

Ta dei austeuropeiske landa som ikkje vil danse etter EU-elitens pipe, som gjennom hundreåra har hatt islam på kroppen og kommunisme på toppen, og som no verdset freden og fridomen sin – dei blir no hengde ut i alle media som kortsynte populistar. Dei vil ikkje ha tvangstildeling frå Brussel av migrantar frå muslimske land. Er dei då populistar? Kanskje, men dei er òg gode nasjonalkonservative – med grunnhaldningar som Framstegspartiet, Senterpartiet og delar av Høgre i Noreg.

Ta historieskrivinga. Arbeidarpartiet og andre parti til venstre, som i alle år har prøvd å gjera seg populære blant veljarane ved å ville dele ut stadig større pengehaugar frå statskassa og andre gode frå det private næringslivet, ser ut til å vera heva over klagemålet om å vera populistar.

Kvifor? Det er fordi skribentar og tenkjarar på venstresida er gjennomført moralistiske, tilhøyrande ei høgare form for innsyn og utsyn i verda. Dei trur sjølve dei representerer heilskapen og klokskapen, og at særinteresser er noko alle dei andre driv på med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement