Norske soldatar på tokt i SyriaSYRIA STEINAR HOMMERSÅK Så har det skjedd, det som mange lenge har frykta: Nok ein gong er Noreg engasjert i ein krig i eit fjerntliggande land, denne gong i Syria. Meldinga kom ikkje som pressemelding frå den norske regjerin
Så har det skjedd, det som mange lenge har frykta: Nok ein gong er Noreg engasjert i ein krig i eit fjerntliggande land, denne gong i Syria. Meldinga kom ikkje som pressemelding frå den norske regjeringa, men som ein kort notis i den arabiske nettavisa Al-Masdar News (AMN).
At norske soldatar nå er inne i Syria for å støtte opprørsgruppa, Free Syrian Army, er ikkje uproblematisk. Reint teknisk er vi i militær konfrontasjon med Syria, eit suverent land som er medlem av FN.
I mi skuletid kalla vi det krig når nokon blei utsett for bomber og kuler. Men nå må vi visst lære oss nye ord for å forstå kva norske soldatar driv med i eit fjernt land. For eitt ord unngår våre styresmakter konsekvent å bruke, det er ordet «krig».
Vi har tydelegvis ingenting lært av dei militære fiaskoane våre i Afghanistan og Libya. At Syria frå før er øydelagd av krig og konflikt, endrar ikkje dette faktumet.
Som sagt så blir ikkje ordet «krig» brukt. Dermed har dei laga eit skilje mellom det syriske regimet som blir framstilt som «irrasjonelt» og «usivilisert», i motsetning til oss som står fram som «rasjonelle» og «siviliserte». Og vips så har styresmaktene tåkelagt overfor opinionen kva vi er med på. Og det kan vi nok trenge, for Syria har bedt både norske og amerikanske soldatar dra dit peparen gror.
At den norske nasjonen er flinkast i NATO-klassa, er ikkje noko nytt. I heile etterkrigstida har vi vore i seng med USA. Militærpolitikken vår har langt på vei vore styrt av Pentagon. Vi er osten i musefella som er sett ut for å fange Russland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.