JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1779
20170901
1779
20170901

TRANSPORT

Noko gjekk diverre gale då Idar Mo frå Sogndal las reportasjen min frå Sørlandsbanen (Dag og Tid 18. august). Han skriv: «Rem har tydelegvis reist med raske tog mellom millionbyar i Europa og Kina, og vil ha slike også mellom småbyane på Sørlandet, men raske tog har vi få av på jorda fordi dei er ekstremt kostbare og energi- og ressursbrukande samanlikna med alle andre former for transport.»

Eg veit ikkje om Mo har rett i at lyntog ikkje er løysinga, men eg veit at han tek feil når han les teksten min som eit forsvar for ei slik løysing. I reportasjen nemner eg ikkje lyntog med eitt ord.

Han tek òg feil når han antek at det er lyntog eg har fare med i dei landa eg nemner: Ungarn, Kina, Frankrike. Eg fór i all hovudsak med somletog. I Frankrike, der eg på somme strekningar kunne velja mellom lyn- og somletog, valde eg det siste. Ikkje berre av di togpasset mitt gjaldt somletog, men òg av di eg likar langsame tog betre enn lyntog.

Å fara med eit lyntog er som å sitja i ein hermetikkboks. For folk med dårleg tid, er dei kan henda best. Av di eg nyttar toget som kontor, føretrekkjer eg sjølv togferder like lange som ein arbeidsdag.

Somletoga har fleire føremoner. Ofte er det mogeleg å opna vindauga så ein kan fotografera utan attskin, og på stasjonane stoggar toget lenge nok til at ein kan strekkja på beina og nyta tobakk om ein vil.

At ein vestlending gremmar seg over eit dårleg kollektivtilbod vestpå og ei storstilt kollektivsatsing austpå, skjønar eg som fer over heile landet, men den kritikken vert det feilslått å retta mot ein som berre har ei von om at den gamle Sørlandsbanen skal overleva. For kvar togkilometer Mo ergrar seg over austpå, lyt han gleda seg over kvar vegbru og undersjøiske tunnel vestpå.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis