Nedtur for norskfagetSkuleKetil Magnus DoksetHurdalI Dag og Tid den 23. mars skriv senior kommunikasjonsrådgjevar i Utdanningsdirektoratet, Linda Sørfjord, at faga i skulen er for innhaldstunge. Eg er usamd. Læreplanane er rett nok fulle, men ikkje innhald
I Dag og Tid den 23. mars skriv senior kommunikasjonsrådgjevar i Utdanningsdirektoratet, Linda Sørfjord, at faga i skulen er for innhaldstunge. Eg er usamd. Læreplanane er rett nok fulle, men ikkje innhaldstunge. Det er ikkje innhaldet, til dømes det eldre kulturhistoriske stoffet eller grammatikken, som gjer læreplanen i norsk overveldande, men alt det andre. Sidan innføringa av Kunnskapsløftet i 2007 har norskfaget blenda oss med ein solstorm av kompetansemål som svever i tynn luft høgt over kulturarven. Eleven skal vita lite, men kunna mykje. Det går ikkje. Ein kan ikkje, slik til dømes eit av mange liknande kompetansemål krev, «orientere seg i store mengder tekst av ulik kompleksitet og velge ut, sammenfatte og vurdere relevant informasjon» om ein ikkje allereie er lærd. Litt uklart er det jo òg kva sistnemnde og mykje anna i læreplanen skal tyde. Kvar byrjar og sluttar omgrepet tekst, før saga og etter CD? Når vert ein tekst kompleks eller ei mengd stor?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.