Kronikk

Når planleggjarane kjem til Gaza

Trumps Gaza-plan viser kva som skjer når politikarar trur dei kan byggja fred på rutepapir.

Tony Blair og Donald Trump poserer for fotografen under eit møte i Sharm el-Sheikh i Egypt om vilkåra for krig og fred for Gaza.
Publisert

Me har sett det før. Og før. Og før.

Kvar gong po­li­tis­ke drøy­ma­rar, an­ten dei er av det so­si­a­lis­tis­ke, li­be­ra­le el­ler høgrevende sla­get, set seg ned for å teik­na fram­ti­da på blan­ke ark, er dei all­tid sik­re på at sam­fun­net kan byg­gjast frå grun­nen av.

Det kon­ser­va­ti­ve ins­tink­tet har all­tid vore å tvi­la på sli­ke drau­mar: ver­da kan ik­kje rek­nast ut på ru­te­pa­pir, ho må ta­kast som ho er. Som om alt kan plan­leg­gjast: frå støv til stor­by, frå kaos til har­mo­ni. No ser me det igjen.

Trumps Gaza-plan

Trump har ny­leg, i leng­t et­ter å få freds­pri­sen, lan­sert pla­nen sin for gjen­opp­byg­gin­g av Gaza-stri­pa. Pla­nen ser på over­fla­ta ut til å lova alt ein kan drøy­ma om. Gaza skal byg­gjast opp igjen med enorm fi­nan­si­e­ring frå golfstatane, IDF skal trek­kja seg til­ba­ke, og stri­pa skal demilitariseras. Ik­kje nok med det, men med seg i over­gangs­sty­ret av Gaza skal Trump ha den tid­le­ga­re bri­tis­ke stats­mi­nis­te­ren Tony Blair, som skal sit­ja i det så­kal­la freds­rå­det med sis­te or­det i alt frå trygg­leik til in­fra­struk­tur. Pla­nen blir mark­nads­ført som eit his­to­risk ven­de­punkt – men i røyn­da er det eit fer­dig­teik­na sys­tem trædd ned over ho­vu­det på pa­les­ti­na­ra­ne.

Had­de Trump og støttespelarane hans vore ver­ke­le­ge kon­ser­va­ti­ve, skul­le dei ha lyt­ta til den bri­tis­ke fi­lo­so­fen Ed­mund Bur­ke. For Bur­ke var sam­fun­net ik­kje noko ein teik­nar opp på eit kart, men noko som veks fram gjen­nom vane, arv og er­fa­ring. Den som trur han kan byg­gja eit heilt sam­funn frå grun­nen av, en­dar all­tid med å øy­de­leg­gja det som alt fin­st. Men i den nye Gaza-pla­nen går Trump den gam­le utopistiske ve­gen, over­tydd om at his­to­ria kan slet­tast og byrje på nytt, ber­re pen­gar og kart er sto­re nok. Dei einaste som trur meir på plan­øko­no­mi enn gam­le so­si­a­lis­tar, er mo­der­ne freds­plan­leg­gja­rar. Beg­ge mei­ner dei kan teik­na seg fram til har­mo­ni, ber­re dei får kon­troll på verk­tø­ya.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement