Modig biskop kasta på dør

Publisert Sist oppdatert

Diktator Daniel Ortega i Nicaragua gav seg ikkje før han var kvitt den modige biskopen Rolando José Álvarez. Den sentrale katolske leiaren blei utvist 14. januar. Biskopen var ein av 19 romersk-katolske politiske fangar som blei kasta ut av landet, med adresse Vatikanet. Regjeringa takka pave Frans for å ta imot gruppa.

Ortega har etter tur slege hardt til mot alle kritiske røyster. Sist ut var den katolske kyrkja. Biskop Álvarez blei sett i husarrest i august 2022 etter ein massiv politiaksjon.

Den 10. februar i fjor blei han dømt til 26 år og fire månaders fengsel i ei summarisk rettssak, skulda for samansverjing. Det skjedde dagen etter at regjeringa sette fri 222 politiske fangar og sende dei i tvunge eksil i USA. Den gongen kom det melding om at biskopen nekta å dra.

Biskopen blei i fjor fråteken statsborgarskapen sin og alle borgarrettar på livstid. Han var heller ikkje i ei gruppe på tolv prestar som blei sende i eksil i Roma i oktober i fjor. Eg skreiv om biskopen i eit innlegg i Dag og Tid den 10. november i fjor. No har altså Ortega fått kasta biskopen på dør – og stengt døra.

Det er sjølvsagt grunn til å gleda seg over at biskopen og dei andre no er ute av fengsel. Men dette er ikkje eit teikn på godvilje frå Ortega. Biskopen og dei andre har altså hatt valet mellom å sitja i fengsel i årevis – eller å bli utviste.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement