Misforstått lesing? LitteraturIdar SteganeI Dag og Tid nr. 18, 4. mai, melder Jan H. Landro boka av Anders M. Andersen. Tvedt-lesarar kan vonleg gle seg til å lese ein studie av kvinnelege karakterar hos han. Mange hugsar skuleutgåva av

Publisert

I Dag og Tid nr. 18, 4. mai, melder Jan H. Landro boka Jens Tvedt og den frie kvinna av Anders M. Andersen. Tvedt-lesarar kan vonleg gle seg til å lese ein studie av kvinnelege karakterar hos han. Mange hugsar skuleutgåva av Madli und’ apalen, i si tid utgitt av den då unge filologen Bjarte Birkeland. No får Birkeland, saman med underskrivne, hogg av Andersen for å rekne Jens Tvedt som heimstaddiktar. Han reknar oss blant dei som «ønskjer å trykkje Tvedt ned som heimstaddiktar». Vi skal ha forlese oss på A.H. Winsnes og «trur meir på Winsnes enn på litteraturen».

Så vidt eg kan forstå, må Andersen ha misforstått arbeidet mitt på to hovudpunkt. Den boka mi som det er tale om, har tittelen Det nynorske skriftlivet. Den nynorske heimstaddikting og den litterære institusjon. Eg skriv der om framvoksteren av nynorsk skrift i det heile kring 1900, blad, aviser, tidsskrift, forlag, bøker og aktørar i desse tiltaka. Om den nynorske greina av skjønnlitteraturen brukar eg uttrykket «nynorsk heimstaddikting». Eg oppfatta det som ein etablert litteraturhistorisk term og valde å bruke han nøytralt, utan tanke på nedvurdering.

Andersen meiner openbert at dette er uhøyrt, at eg har «dikta opp» omgrepet, sidan det ikkje vart brukt i samtida. Det gjeld mange karakteriserande ord og uttrykk som er tekne i bruk seinare om historiske fenomen før oss.

Så har Andersen visst valt å ignorere at eg arbeider med det litterære omgrepet «den litterære institusjon». For når eg skriv eit kapittel der eg ser på Tvedts tilhøve innanfor den litterære institusjonen representert ved kritikaren Bolette C. Pavels Larsen i Bergens Tidende, tek han fyr. Sentral tanke bak institusjonsomgrepet er at det går føre seg ein påverknad mellom dei instansane som kan reknast for å tilhøyre institusjonen. Pavels Larsen var Tvedts kanskje flittigaste kritikar, og eg ville røkje etter i kva mon det fanst eit dialogtilhøve mellom diktar og kritikar. Begge kom vel ifrå det; det finst ikkje eitt ord i dette kapitlet som nedvurderer Tvedt. Så når Andersen blir sitert på at eg får «ein suveren artist til å sjå ut som ein urøynd skribent», er det ei skulding eg ikkje kan godta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement