Meir um palindrom

Publisert Sist oppdatert

Gildt er det å lesa stubben um palindrom som løyndenamnet Clementine hev på prent her i fyrre bladet. Bokstavleikar er gaman, både palindrom og anagram. Eit anagram er eit ord der bokstavane frå eit anna ord er stokka um på, t.d. gram og marg – eit marganagram.

Jau, gildt er det, men like vel noko harmelegt å sjå kor tungt bokmålsveldet ligg yver ordleiken. Stødt skal nokon draga fram regninger som liksom er lengste palindromet på norsk, skal vera. På norsk heiter det rekningar, so mykje eg hev lært, og det er då ikkje noko palindrom. Skal det plent vera unorsk, er det vel betre å finna noko på det indiske målet malayalam?

Clementine segjer rett nok ikkje at det er regninger som er lengst, for ho hev noko lengre å draga fram: ein stivkukvits. Oftast er det ord i vanleg bruk som tel med når ein godkjenner slike rekordar, men det tarv ikkje stogga oss i leiken. I eventyrheimen må det fulla finnast noko slikt som troll-lort, og finn du ei bronselampa, er det ikkje visst at du greider å gni ut nokor ånd, slik som i Soga um Aladdin og den underlege kola. Nei, det må gjerast etter ein serskild legeringsgniregel.

Me som kimsar åt 2012-rettskrivingi, me veit at det heiter ein ukse på god norsk. Og dativ fleirtal er din ven, det lærde me i tysken på skulen, og det høyrer heime i godt Aasen-mål med. Allvisst i diktarmål. No er det so lenge sidan moskusuksane vart utsleppte på Dovrefjell at me kann dikta um på Aasen-visa: Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå, med same gamle bryningom og moskusuksom på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement