Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.
Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.
Foto: Javad Parsa / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Klima
Per Anders Todal har ein interessant og god kommentar om klima og vêr 31. mai. Han har mellom anna sitert litt av det eg sjølv har meint om dette. Eg etterlyser at journalistikken om høge temperaturar ikkje berre handlar om kor kjekt det er at det er varmt, men at me som journalistar og redaktørar set rekordane inn i ein større samanheng.
Klima og vêr er ulike ting. Men vêret er ikkje isolert frå klimaet, eller frå drivhuseffekten. Så i journalistikken gjer me ikkje ein god nok jobb om me ikkje skriv om samanhengane.
Todal skriv godt om korleis klimaendringane kan vere positive for Noreg. Det er jo kjekt om me slepp å dra til Syden for å få varme som i Syden.
Klimaendringane vil vere ulike rundt om i verda. Eg var i april på ferie i Capadokia i Tyrkia. Ein eldre mann snakka om korleis dei no sleit med å hente opp vatn frå jorda, sidan grunnvatnet no låg eit par hundre meter under overflata. Eg veit ikkje om han hadde målt, men i andre delar av verda er det ikkje spesielt positivt med klimaendringane.
Samla sett kan det sjå ut som om klimaforskarane i verda konkluderer med at klimaendringane er negative for oss menneske. Sjølv om det vert høgare badetemperatur i Oslofjorden og me nordmenn slepp å reise til Syden.
Så om det er fint å få høgare temperaturar hos oss, er det jo ikkje slik at det vert varmare berre i Skandinavia.
I motsetnad til sur nedbør, til dømes, er ikkje CO2-konsentrasjonen eit regionalt problem. Konsekvensane kan me ikkje vite kor dukkar opp, om me held fram som no. Når me fekk britane til å kutte utsleppa av svovel, visste me at auren og furua ville få det betre.
Som redaktør i avisa Europower er eg først og fremst interessert i korleis me som har eit samfunnsoppdrag, oppfyller dei forventningane lesarane bør ha til ei fri og kritisk presse.
Eg er ikkje imponert. Det blir interessant å sjå kor varmt det må bli før journalistar i VG og Dagbladet – og Todal – tar med dei ekstremt store og negative konsekvensane av klimaendringane i dekninga av sommarvêret.
Ole Petter Pedersen er redaktør i Europower.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement