Markalova fyller 15 år i år

Hakloa i Nordmarka i Oslo.
Hakloa i Nordmarka i Oslo.

Oslomarka er sanneleg ein «heilag» plass, og har vore ei velsigning for hovudstaden.

Publisert Sist oppdatert

Ingen hovudstad i verda... og så vidare. Du kjenner til resten av setninga. Oslomarka er sanneleg ein «heilag» plass, og har vore ei velsigning for hovudstaden. Kva hadde me vore utan Marka?

Stortinget vedtok markalova 1. september 2009. Lova fastset grensene for Oslomarka og skal bevara natur og kulturmiljø og leggja til rette for friluftsliv, naturopplevingar og idrett. Namnet Oslomarka er ikkje avmerkt på kartet, men det er eit omgrep som ifølgje Iver Mytting fyrste gong vart foreslått som namn i 1932 av den legendariske turistsjefen i Oslo, Alfhild Hovdan.

Vern av Marka kom på dagsordenen i mellomkrigstida. I boka «Byen lever, drømmen om en storstad» frå 1933 skriv reguleringssjef i Oslo Harald Hals: «Rundt omkring byen ligger skogmarken som en svær bre av grønt og grått (...) Nu eter byen sig inn i markene. Det må gå omvendt. Breen må bringes til å kalve.» Teksten av Hals var ein viktig tekst om vern av Marka. I 1941 skreiv Nils Houge boka Oslomarka som naturpark. Et forslag til fredning av Stor-Oslos og omliggende distrikters friluftsområder. «Alle snakker om hvorledes Oslomarkas friluftsområder skal utnyttes, men ingen om hvorledes de skal bevares», skriv han.

I 2005 var Jens Stoltenbergs fyrste regjering på Soria Moria på Voksenkollen ved foten til Nordmarka for å etablera regjeringsplattforma Soria Moria-erklæringa 1. I erklæringa står det: «Regjeringen skal innføre et særskilt lovfestet vern av Oslomarka». Markalova vart vedteken, og ein lang kamp hadde komme til vegs ende. «Marka er ei gåve til folket», sa dåverande miljøminister Erik Solheim.

Jens Stoltenberg har gjort mykje godt for landet, ikkje minst sørgt for vern av Oslomarka, og Jens er ein av dei viktigaste fedrane bak markalova, saman med mellom andre Erik Sture Larre. Ein kan spørja kva Gerhardsen, Lie, Tranmæl, Stoltenberg og Støre hadde vore utan Marka, og kva hadde politikken deira vore utan Marka?

I lovproposisjonen heiter det: «Marka som område for friluftsliv og naturopplevelse omfatter unike naturområder og rikt kulturlandskap, som har vært verdsatt som tur- og rekreasjonsområde helt siden 1800-tallet. Områdets rike kulturlandskap er et resultat av tidligere tiders bruk av Marka helt siden steinalderen.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement