JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3069
20170922
3069
20170922

NASJONALLITTERATUR

Nei, vi elsker ikke lenger: Dag og Tids intervju med meg om denne boka (8. september) har gitt opphav til to kommentarar her i avisa. Ein frå Erik Bjerck Hagen, same dag som intervjuet stod, og ein frå Frode Helmich Pedersen veka etter (15. september). Begge opponentane er tilsette i faget allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Vi kjenner einannan godt, men har ikkje avtalt denne debatten på kammerset.

Usemja oss imellom stikk neppe så djupt som ein kunne tru. Bjerck Hagens motførestillingar kan botne i ei mistyding: Vi (han og eg) refererer til ulike storleikar når vi nyttar pronomenet for første person fleirtal: «Vi gjekk bort frå tanken om ein ‘nasjonallitteratur’ alt i 1960-åra», uttaler Bjerck Hagen og meiner Oslo-kollegaen (eg) falbyr «gammalt nytt». Tja. Dei som i 1960-åra kvitta seg med den nasjonallitterære førestillinga, var vel «vi som tilhøyrer faget allmenn litteraturvitskap», eller kanskje «vi litteraturforskarar«, ikkje «vi norske». Så seint som i forfjor proklamerte forfattaren Dag Solstad at «vår» manglande sans for Olav Duuns romanar må gjelde som ein «nasjonal tragedie». Han synest med andre ord å meine at desse romanane høyrer til den umistelege nasjonallitteraturen. At litteraturforskarar som oss slett ikkje har gitt opp skaparen av Juvikfolke, visste han sjølvsagt godt. Men problemet tilhøyrde altså «det store vi-et», ikkje «det lille vi-et» som debatterer litteratur i Dag og Tid. Vi små elskar enno.

Helmich Pedersen meiner på si side at eg i boka sviktar som «nøytral» historikar og heller demonstrerer ei «anti-romantisk» og «postnasjonal» innstilling. Vil eg kanskje ikkje nasjonallitteraturen til livs? Det å dømme om sin eigen nøytralitet byr på store problem for ein forfattar. Men kanskje har eg undervurdert det faktum at vi alle, i Bergen så vel som i Oslo, lever i ei postromantisk og postnasjonal tid. Nasjonalromantikken er for lengst historie. Men no synest eg vel ikkje at dei tekststadene Helmich Pedersen peiker på – prova på at forfattaren er partisk – verkar særleg overtydande. Men eg noterer meg synspunktet. Andre lesarar, som Marta Norheim i NRK P2 (jau da, eg kjenner henne òg), gir i kommentaren sin (30. august) uttrykk for at forfattaren helst bikkar andre vegen. Han skriv «i vemod». Boka formeleg «tryglar» om å bli motsagd. Dersom eg balanserer revolusjon med vemod, kan det kanskje ikkje vere så gale med nøytraliteten likevel?

I Nei, vi elsker ikke lenger tar eg for meg litteraturens nasjonalitet gjennom 150 år, ikkje, slik Helmich Pedersen tar for gitt, norske «klassikarar». At klassikarane mistar nasjonaliteten, tyder ikkje at dei samstundes mistar all verdi. Men eg har faktisk skrive eit kapittel om korleis den eldste og mest framande av alle klassikarane, Petter Dass, på sett og vis enno kan komme til nytte, også i skolen. Grunnen til det trur eg ikkje ligg i ein tidlaus litterær kvalitet, men i dei historiske omstenda.

Jon Haarberg er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis