Lektorane – politisk upopulære
Hovudproblemet for lektorane er at dei i årevis har vore politisk upopulære. Dei har for lang utdanning og er for dyre i drift. Arbeidsgjevarane har jakta på billegare løysingar. Dermed har det blitt stadig færre lektorar relativt sett, også i dei studieførebuande programma. Og verst for somme er det at lektorane har vore meir opptekne av fag enn av pedagogikk.
Jon Hustad si forteljing om «lektorar i solnedgang» (Dag og Tid 24.6) har ført til ein viss lektordebatt i spaltene. Som tidlegare lektorar og tillitsvalde kjenner vi oss att i mykje av Hustads framstilling. Vi har nokre utfyllande kommentarar både til lønna og til politikken.
Lønnsdebatt inneber oftast sjonglering med tal og statistikk. Lønnsomgrepet er dessutan fleirsidig. Snakkar vi om framforhandla regulativlønn eller om faktisk lønn som inkluderer faste og variable tillegg?
Begynnarlønna for lektor i 1977 (då vi starta som lektorar) var om lag 75.000 kroner i året. Det svarar etter SSB sin priskalkulator til om lag 377.000 kroner i 2021. Heldigvis er dagens begynnarlønn klart betre enn dette. Men den faktiske lønna var meir enn 75.000 kroner. På den tida var det framleis vanleg med faste overtidstimar. Ein overtidsprosent på 20–30 var ikkje uvanleg. Dei gamle gymnasrektorane skulle ha kvalifiserte folk ved skulane sine og brukte ofte overtidstimar til å dekkje over rekrutteringsproblem. Denne praksisen gav seg også utslag i vekst i lønnsstatistikken, men så i form av lønnsfall då overtidstimane gradvis fall vekk. Difor er det ikkje opplagt at lektorane sin faktiske lønnsvekst var så stor på 60- og 70-talet som Hustads artikkel tyder på. Ein god del handlar om overtidstimar. Men at det har vore eit relativt lønnstap over lang tid, er heilt klart.
Heller ikkje i dei lektorale glansdagane tidleg på 1900-talet gjekk det lektorane sin veg. Fleire tok utdanning, og det mangla lektorar. Men lektorane møtte alt på den tida det vi kan kalle ein omvend marknadsmekanisme. I staden for å heve lønna reduserte styresmaktene utdanningskrava. I så måte følgjer KS ein lang og skadeleg tradisjon når dei i årets oppgjer har nedprioritert lærargruppene med lengst utdanning. Og så lenge frontfagsmodellen – i praksis LO og NHO – styrer både lønnsutvikling og lønnsnivå, vil utdanningsgruppene i offentleg sektor bli hengande etter, enten lønna blir forhandla sentralt eller lokalt.
La oss ta med at omgrepa lektor med opprykk og lektor med tilleggsutdanning er misvisande. Desse kom som resultat av eit lønnstaktisk grep tidleg på 90-talet. For å gi rom for betre lønn til hovudfagslektoren blei det oppretta ein ny lønnskode, som ekskluderte nye lektorar med kortare utdanning. Det er altså lektoren med tilleggsutdanning som er den eigentlege lektoren!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.