Kva vil ein ukrainsk siger krevje?
Ein gut plasserer eit ukrainsk flagg til ære for falne soldatar.
Foto: Thomas Peter L/ Reuters / NTB
Den 26. november hadde NRK Supernytt ei sak der dei opplyste norske barn om stoda i Ukraina. Suzanna, 9 år, stilte spørsmål om Trump vil avslutte krigen i Ukraina raskt, slik han har sagt. Ho fekk svar av Supernytt sin USA-ekspert Sigrid Gårdsvoll:
«Han kan nok bidra til å stoppe krigen, men spørsmålet blir då: på kva måte? For at krigen skal stoppe så fort, er det mest sannsynleg at Ukraina ikkje vinn, og det meiner ganske mange vil vere ein dårleg måte å stoppe krigen på.»
I skulegarden seier vi ikkje at «no må de fortsette å slåss, for elles vinn bølla». Men Supernytt gir eit bilde av at krigen helst bør halde fram til Ukraina vinn. Kostnadane ved krigen var illustrerte med sterke bilde. Sidan Russlands invasjon i februar 2022, er truleg så mange som ein million menneske skada eller drepne. Ein vidare krig vil sjølvsagt koste fleire liv, det skjønar alle barn.
Vi stussar når Supernytt ytrar same paradoksale bodskap som Nato om at meir krig er den beste vegen til fred. Spesielt sidan dette ofte også vert spela av i norske klasserom. Kva rolle tener NRK Super her?
Vi saknar ein samtale om kva militær eskalering ein ukrainsk siger vil krevje, og kva risiko den vil innebere. Kor nær er vi ein krig i Norden?
NRK skriv no at vi alle må etablere beredskapslager i tilfelle krig, og vi blir oppfordra til å ha jodtablettar heime i tilfelle atomulykker.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.