Ordskifte

Kva tener vi på sjeldne jordartar?

  

Boreprøvar frå Fensfeltet i Telemark som kan innehalde den største førekomsten av sjeldne jordartar i Europa.
Publisert Sist oppdatert

Tollkrigen mellom USA og Kina har ført til ny merksemd om såkalla sjeldne jordarter – også her i Noreg. Her til lands handlar diskusjonen særleg om Fensfeltet i Telemark, som skal innehalde 8,8 millionar tonn. Slike funn blir av og til omtalte som «den nye olja». Men det er slett ikkje sikkert at dette vil bli ei inntekt for Noreg dei neste tiåra.

Komplisert

Produksjonsprosessen er nemleg komplisert og langdryg, og ein treng mykje spesialkompetanse for å framvinne stoffa. Sjeldne jordarter er korkje sjeldne eller jord. Eigentleg er det 17 grunnstoff i det periodiske systemet. Namnet har dei fått fordi dei sjeldan finst i høge konsentrasjonar og liknar på jord tidleg i framvinningsprosessen. Malmen ein utvinn jordarter frå, finst i overflod, også i Vesten.

Det vanskelege punktet er framvinninga. Produksjonsprosessen frå reservar i berggrunnen til ferdig raffinerte grunnstoff er ikkje like rett fram som ein kan få inntrykk av i norske aviser. For å nytte stoffa i den grad det er mogleg å nytte dei innan dei mest høgteknologiske bruksfelta, som romfart, flyindustri og dataprosessorar, må stoffa bli raffinerte til 99,9 prosent reinleik. I dag er det berre eitt land som klarer å gjere det i stort monn: Kina.

Grunnen er at produksjonen er svært krevjande. Det trengst uhorvelege mengder vatn, og under framvinninga må ein nytte livsfarlege kjemikaliar. Dette krev omfattande tiltak for å trygge dei tilsette, og ei rekke fagfolk med høg utdanning innan metallurgi, kjemi. Framvinninga fører òg med seg forureining, og ho er kostbar. Samla sett krev dette enorme investeringar i både materiell og personell. Drifta er òg kostbar.

Kven vil satse?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement