JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KronikkOrdskifte

Kva var omsetjing for okkupanten?

Rikskommissariatet var meir aktivt med på å promotere omsett litteratur enn ein tidlegare har visst.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
NS fylka til «kulturting» i Erkebispegården 25.–27. juli 1944: Frå venstre «kommissarisk statsråd» Birger Meidell, forfattar og direktør for Statens teaterdirektorat Finn Halvorsen, bilethoggar Wilhelm Rasmussen, NS-førar Vidkun Quisling, målar og direktør ved Nasjonalgalleriet Søren Onsager, geolog, polarforskar og rektor ved Universitetet i Oslo Adolf Hoel og Dagsposten-redaktør Johannes Knudsen. Bakarst kan ein skimte pressemann Torstein Lange og forfattaren Kristen Gundelach.

Foto: Riksarkivet

8087
20210129

Historie

Ida Hove Solberg og Erlend Wichne

8087
20210129

Historie

Ida Hove Solberg og Erlend Wichne

Fleire debattar lurer under debatten som oppstod etter at Den norske Forfatterforening i 2018 bad om orsaking for verksemda til æresretten sin under krigsoppgjeret i 1945 og 1946. Det dreiar seg om kunstnariske førestillingar om nøytralitet i diktatur, om at orsakinga for verksemda til æresretten var naudsynt, og om dei vilkåra forfattarar og omsetjarar arbeidde under gjennom okkupasjonsåra. Her ønskjer vi å skrive om det siste. Det viser seg at Rikskommissariatet var meir aktivt med på å promotere omsett litteratur enn ein tidlegare har visst.

I det heile var litteraturen eit viktig våpen i kampen om hjartet til dei okkuperte. Dette gjennomsyra kultur- og litteraturpolitikken i det okkuperte Noreg. For den omsette litteraturen sin del starta reguleringa med spørsmålet om ein særeigen skatt. Dette endra seg til å bli eit system med full førehandssensur. Dessutan promoterte okkupanten aktivt omsetjing av bøker som ein såg det som formålstenleg å få norske forlag til å gi ut.

Engasjement for skatt

Forfattaren Kristen Gundelach var ein av fleire renommerte nordmenn som deltok i utforminga av kultur- og litteraturpolitikken i det okkuperte Noreg. Som leiar for forløparen til det nazistiske kulturrådet var han blant anna involvert i utforminga av ei eiga forordning for omsett litteratur.

Gundelach engasjerte seg for innføring av ein ny skatt, noko han grunngav på ideologisk vis: Han meinte at ein burde skattleggje omsett underhaldningslitteratur, mens høgverdig litteratur burde vere unnateke. Han såg for seg «en utsortering av avgiftspliktig sprøit til fordel for lesestoff som ved sin høie kvalitet undgår avgifter – altså en kulturell vinning», som han skreiv i eit innspel til Kultur- og folkeopplysningsdepartementet.

Gundelach var opphengd i skiljet mellom litterær kunst frå store forfattarar og «utenlandsk sprøit», som han meinte brukte opp «det norske folks leselyst og kjøpeevne». Han ville ikkje samle desse i same kategori. Det kjem fram i måten han innleier innspelet sitt på:

«Spørsmålet avgift på oversettelseslitteratur kan sees under mange forskjellige synsvinkler, og vil fortone sig tilsvarende forskjellig. Ser man det under synsvinkelen: avgift på en Danteoversettelse, vil enhver reise sig i indignasjon mot tanken. Ser man det derimot under synsvinkelen: avgift på den oversatte anonyme underholdningslitteratur, magasinene [...], til å tilfredsstiller [sic] det norske folks leselyst med, vil svært mange være enig med mig i at en avgift er på sin plass.»

Det skal nemnast at Gundelach sjølv gav ut fleire gjendiktingar av det som ein kanskje må kalle for høgverdig poesi mellom 1915 og 1970. Både første del av Goethes Faust og ein antologi med italiensk poesi kom ut på Gunnar Stenersens Forlag i Gundelachs gjendikting under okkupasjonen.

Dei politiske rammene

På vegen frå forslaget om ein eigen skatt på omsett litteratur til det som vart fullstendig førehandssensur, regulert gjennom «Forordning om oversettelseslitteratur m.v.», var det éi hending som endra kursen markant. Det dreiar seg om eit møte mellom Asbjørn Bjaanes, sjef ved Kultur- og folkeopplysningsdepartementets litteratur- og bibliotekkontor, og Heinz Finke ved Rikskommissariatets litteraturavdeling. Her vart det avgjort at all omsett litteratur skulle godkjennast av departementet før utgiving. Forordninga vart implementert alt i oktober 1940.

Men Rikskommissariatets innverknad på den omsette litteraturen i Noreg stansa ikkje med denne forordninga. Omsett litteratur er ikkje berre ein «magnet for sensur» i fascistiske og nazistiske regime, som Christopher Rundle og Kate Sturge skriv i antologien Translation under Fascism. Han tiltrekkjer seg òg søstera til sensuren: propaganda. Dei tilsette i Rikskommissariatet var pådrivarar for konkrete utgivingar av omsett litteratur på norske forlag.

Rikskommissariatet sende til dømes den tyske ungjenteromanen Amaryll av Otto Voigtel (1941, på norsk i 1942, omsett av pseudonymet Mimi von Krogh) til det «nøytrale» Nasjonalforlaget som eit forslag til utgiving. Romanen fortel om tannlegen Dietrich som forelskar seg i ungjenta han gir namnet Amaryll. Ho vil ikkje ha han, og i dag ville vi kalla han ein stalker: Han gir ikkje opp trass i at ho prøver å sleppe unna. Så bryt krigen ut, og Dietrich blir kalla til militærteneste. Tilbake på perm kyssar han Amaryll mot hennar vilje. Dette startar ei endring: Ho innser at ho elskar han. Kort tid etter døyr han heltemodig ved fronten, og det før han får lese kjærleikserklæringa ho sende han. Det er meininga at lesaren skal kjenne sympati for den tyske soldaten. Amarylls uforståelege motvilje og manglande evne til å forstå kva som er best for seg, kan lesast som eit bilde på nordmenns motvilje mot okkupantane.

Eit anna døme på at Rikskommissariatet aktivt promoterte omsetjingar, finn vi i at den nemnde Finke kontakta den nemnde Bjaanes med beskjed om å be Gyldendal gi ut Avgrunnens folk av Jack London (1903, på norsk i 1935, omsett av Inge Debes) på nytt. Grunnen? Boka, som skildrar livet i fattige East End i London rundt sekelskiftet, gir eit godt bilde på engelske tilstandar, synest Finke. Boka skildrar vanstyre og svolt. Det finurlege er at Jack London hadde stått på indeks i Tyskland sidan 1933, han gjorde også det i Noreg – London var som kjent både amerikanar og sosialist. Men skildringa av Englands elende var verdifull for okkupasjonsmakta. Og for å få med seg Gyldendal gjekk Rikskommissariatet altså omvegen via dei norske styresmaktene.

Skepsis og tru

Kvifor brukte Rikskommissariatet krefter på tyske tannlegar og engelsk armod? Det nazistiske synet på omsetjing har fleire fasettar. På den eine sida finst ein grunnleggjande skepsis til omsetjing som fenomen (fordi det inneber «blanding» av språk og kulturar). På den andre sida finst ei tru på at litteraturen kan vere ein kanal for propaganda.

Leiaren for Rikskommissariatets skoleavdeling, Alfred Huhnhäuser, trekte fram det sistnemnde. Ifølgje Huhnhäuser var det avgjerande at biblioteka kunne tilby litteratur som reflekterte «det nye Tyskland», som han skriv i forordet til «Norwegische Bibliographie: Die Bücher des Jahres 1942», redigert av Rikskommissariatets Fritz Meyen.

I korte trekk brukar Huhnhäuser forordet til å beklage seg over det han meiner er ein ubalanse i den tysk-norske kulturutvekslinga. Mens Noreg og norsk litteratur er godt representerte i Tyskland, er Noregs inntrykk av Tyskland, ifølgje han, påverka av britar, jødar, kommunistar og «Nichtdeutschblütige» – dei som ikkje er av tysk blod. Eit problem var altså at den tyske litteraturen som fanst i Noreg, i stor grad bestod av omsetjingar av litteratur frå før 1933. Dette meinte han førte til negative haldningar til Tyskland blant nordmenn.

Eit viktig poeng for Huhnhäuser var at dei offentlege biblioteka burde evne å reflektere Tysklands intellektuelle kapasitet, men det kravde at norske utgivarar kunne tilby den nødvendige litteraturen – særleg i form av omsetjingar. I hans auge kunne omsett litteratur make or break bilaterale relasjonar.

Vanskeleg terreng

Det fanst pådrivarar for ein nazistisk politikk for omsett litteratur både blant nordmenn, som Kristen Gundelach, og i Rikskommissariatet. Gundelach engasjerte seg for ein skatt på omsett underhaldningslitteratur, men Rikskommissariatet kom til å involvere seg på alle nivå – frå å leggje rammene for vilkåra til den omsette litteraturen, til å fremme konkrete titlar for omsetjing til norsk.

Det er lett å sjå at dette var eit landskap som det i aukande grad må ha vore problematisk å navigere i for omsetjarar, gjendiktarar og redaktørar.

Ida Hove Solberg

Ida Hove Solberg er postdoktor i omsetjings­vitskap ved Stockholms universitet og redaktør for tidsskriftet Mellom.

Erlend Wichne

Erlend Wichne er stipendiat i omsetjingsvitskap ved Universitetet i Agder, forfattar og gjendiktar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Litteraturen var eit viktig våpen i kampen om hjartet til dei okkuperte.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis