Kritikk på feil grunnlag

Publisert

Nina Wærnes Hegdahl skuldar meg i Dag og Tid 3. november for å komme med lettvinte påstandar når eg, ifylgje Hegdahl, kritiserer Matmerks merkeordningar Spesialietet og Beskyttede betegnelser (trygga nemningar). Vel, eg lyt diverre skulde ho attende for lettvint kritikk. Ho har nemleg ikkje skjøna kva eg skriv.

Eg er stor tilhengar av trygga nemningar. Dei tek jorda, råvarene og samanhengane mellom dei to på alvor. I tillegg sikrar det juridiske vernet produsentane rettar til produktet sitt vidare. Merkeordninga Spesialitet er derimot ei anna historie. Dette merket står eg for at har vage kriterium og for dårleg kontakt med jorda (og vatnet) det kjem frå. Spesialitet stiller til dømes ingen krav til opphavet til fôrråvarer. Kontakt mellom råvare og ferdig produkt er avgrensa til at begge delar skal skje i Noreg. Vel, Noreg er eit stort land.

Hegdahl hevdar det norske flagget er det sterkaste symbolet vi har på norsk opphav. Der er vi usamde. Eg meiner tradisjonar og respekt for desse er eit minst like viktig symbol. Til dømes kva eit stølssmør – eller setersmør eller smør av setertype – er for noko: eit smør produsert av syrna fløyte produsert av kyr på seterbeite. Ikkje smør produsert av fersk fløyte frå kva som helst slags kyr heile året, men tilsett meir enn dobbelt så mykje salt, slik Tines setersmør er. Eg vonar verkeleg ei ny forskrift for setersmør utelukkar sjølv slike etterlikningar. Dersom smøret – og Tines marknadsføring av det – ikkje har noko med seter å gjere, burde det vere greitt for Tine å finne eit nytt namn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement