Klima og olje i valkampen

Publisert

Valkampen før haustens stortingsval er i full gang, og med FNs ferske og alvorlege klimarapport, pluss sommarens klimarelaterte naturhendingar og katastrofar verda rundt, er klima blitt eit varmt tema. Det er berre synd at diskusjonen er blitt ein form for noregsmeisterskap i politisk symbolproduksjon.

I ein rask kommentar til NRK etter publiseringa av FN-rapporten uttala partileiaren for Miljøpartiet De Grønne, Une Bastholm, at rapporten gjorde henne livredd, og det første rapporten fekk henne til å tenke på er «hvor livsfarlig norsk oljepolitikk er». I Morgenbladet kallar Lan Marie Berg Espen Barth Eide og Tina Bru for «de farligste klimafornekterne», fordi dei ikkje straks vil avslutte norsk oljeleiting.

Det er ganske rett at i ei (forhåpentlegvis nær) framtid med netto null utslepp av CO2 vil det ikkje vere plass for særleg mykje olje. Og eg ser ikkje bort frå at leiting etter, og eventuell igangsetting av, nye oljefelt vil vise seg å bli tapsprosjekt, slik oljeanalytikar i Nordea Thina Saltvedt opnar for i det stort oppslegne intervjuet i Dag og Tid nr. 34. Men det å skru av dei norske oljekranane vil i beste fall ha marginal effekt for å få ned utsleppa. På kort sikt – mot 2030 – vil det å slutte å leite etter olje ha null effekt. Dette er rein symbolpolitikk og betyr mest ved å polarisere og avspore klimadebatten bort frå tiltak som faktisk ville bety noko.

Bruken av olje og gass er ikkje styrt av tilbodet, men av etterspørselen. Og så lenge det finst etterspørsel, vil det også (i alle fall i nær framtid) finnast tilbod.

Klimaaktivistar og politikarar brukar elles gjerne å vise til koronakrisa som ein demonstrasjon på korleis det er mogleg å få ned utsleppa. Og utsleppa gjekk ned saman med etterspørselen etter olje og gass. Men det var tilbakeslaga i den globale økonomien som skapte redusert etterspørsel etter olje og gass, ikkje redusert tilbod på olje som førte til reduserte utslepp. Nå er verdsøkonomien på veg opp. Det same er etterspørselen etter olje og gass, saman med oljeprisen. Slik vil det fortsette så lenge det ikkje finst nok tilbod av konkurransedyktige alternativ til olje og gass, eller at verdsøkonomien kollapsar. Tilbodet på olje i den globale marknaden blir ikkje styrt av olje som ein knapp ressurs, men av marknaden og OPEC. Og dersom ikkje etterspørselen går ned, vil fråfall av norsk olje og gass raskt bli fanga opp og erstatta av andre petroleumsproduserande land. Klimaeffekten vil med andre ord truleg vere tilnærma lik null.

Det internasjonale energibyråets (IEAs) scenariorapport om vilkåra for å nå 1,5-gradarsmålet blir gang på gang halden fram som «beviset» på at vi må avslutte oljeverksemda jo før, jo heller. Også av Lan Marie Berg i Morgenbladet. Men IEA-rapporten seier ikkje at slutt på opning av nye oljefelt er eit verkemiddel for å nå klimamålet. Den seier tvert om at dersom verda lykkast med å bygge ut nok fornybar energi, vil manglande etterspørsel etter olje, kol og gass bli ein effekt av denne omstillinga. Og for å nå dette målet skisserer IEA-rapporten behov for eit enormt globalt omstillingsprogram for å erstatte fossil energi med fornybar: dramatisk auke i utbygginga av solenergi, vindkraft, hydrogenproduksjon, gruvedrift og utvinning av mineralar, batteriproduksjon, karbonfangst og ei mangedobling av innsatsen på forsking og utvikling for å skaffe fram ny, og i dag ikkje-eksisterande, teknologi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement