JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Hognestad og Aarflot som portalar i nyare norsk teologi

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4043
20230616
4043
20230616

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Religion

I ein grundig artikkel i Dag og Tid (9. juni) set Rune Slagstad opp Andreas Aarflot og Helge Hognestad som «to viktige søyler» i nyare norsk kyrkjeliv. Teksten hans er illustrert med ei teikning der dei to teologane sit på same trinn i ei kyrkjetrapp, biskopen med Melanchthon i den eine handa og Hognestads bok om den «kirkeskapte virkelighet» i den andre. Teksten frå klassisk lutherdom veg tydeleg mest for Aarflot.

Hognestad blir teikna som opprørsprest med usikkert blikk. Teikninga gir til og med skotøyet teologisk tyding. Aarflot har blankpussa svarte sko. Hognestad har utgåtte brune. Skoa hans er dessutan altfor store! Hognestads sko kjem nok nærast Jesu sandalar i Matteus 3. Gjennom tekst og bilete blir dei to teologane framstilt som motsetningar. Den eine med kyrkjeleg makt, den andre utan.

Men etter å ha lese artikkelen er eg viss på at eg ikkje ville vere dei forutan. Som medlem av Den norske kyrkja treng eg begge to. Eg har fleire gangar høyrt Aarflot som ein framifrå forelesar på seminar om kyrkjehistorie. Boka hans om Hans Nielsen Hauges kristendomsforståing (1969) står på ein stø plass i hylla mi. Men det gjer også Hognestads bøker, Forkynnelse til oppbrudd (1978) og En kirke for folket (1982), begge utstyrte med ein tittel som i alle fall ville ha trigga haugianske lesarar.

Eg hadde gleda av å vere med i ei lita gruppe rundt Hognestad på 1970-talet, der han la fram utkast til avhandlinga si om kyrkjas forkynning over tekstar frå Matteusevangeliet. Det var ei av dei mest lærerike seminara eg har vore med på i mitt liv.

Særleg eitt poeng frå desse møta hugsar eg godt. Det var bruk av tekstar til Arne Garborg. Framfor alt dreidde det seg om Garborgs to kjente verk, Den burtkomne Faderen (1899) og Jesus Messias (1906). I den siste av desse skreiv Garborg i sitt «Fyriord» at han som «ein mann av det aalmenne folket» har tatt opp bibellesinga si på nytt. At «dei kunnige» skulle gjøre det for han, kunne han ikkje lenger rekne med. «Me er enno ikkje ferduge med Bibelen», skreiv Garborg i boka si frå 1906. Hognestad henta tydeleg inspirasjon frå Garborg, med god hjelp den gangen frå Gudleiv Bø, som var sentral i denne vesle gruppa.

Når Hognestad i bind II av avhandlinga si skriv at han er frigjord frå «kirkelig autoriserte måtar å tenke, snakke og handle på», er det et språk vi kjenner frå Garborg. Garborg var bibellesar og forfattar, men som inspirasjon for å reformere kyrkja dugde han nok heller dårleg.

Hognestad ville på si side reformere kyrkjas forkynning, slik han opplevde forkynninga på 1970-talet, men han ville ikkje droppe kyrkja. Når han sjeldan fekk biskopar og teologiske professorar med på dette prosjektet, var det nok også fordi Hognestad stundom brukte (og brukar) seiemåtar som kunne minne om den gamle liberale teologien frå før første verdskrigen. Det var (er) eit språk for det Slagstad kallar norsk «erfaringsteologi», og som både Aarflot og andre lærarar på teologiske fakultet hadde liten sans for.

Hognestads ord som at vi må «søke innover mot det guddommelige i oss», kling (eller klang) heller ikkje alltid godt for bibellesarar på kulturradikal venstreside. Det er truleg ein grunn til at Hognestads evangeliske språk ikkje alltid vann fram, slik vi ofte ønskte at han kunne.

Eg har stor sans for Hognestads prosjekt og den vanskelege balansen i skriftene hans i det feltet Slagstad kallar konflikten mellom «sjølvrealisering» og draumen om eit anna og større «kyrkjeleg fellesskap». Eg veit ikkje om det no er mogeleg. Aarflot har eit meir radikalt syn på minustrekk i oss sjølve. Med min oppvekst i Langesundfjordens Indremisjonsselskap på 1950-talet, kan eg faktisk forstå det.

Men lat oss halde fast på tanken om dei to søylene. Ver inklusive. Lat oss gi plass både til store, utgåtte sko og til dei stramme blankpussa. Begge er like sentrale i norsk protestantisme som sandalane i grunnteksten.

Øyvind T. Gulliksen er professor emeritus ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis