Hagtvet og freden i Westfalen

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Bernt Hagtvet ønskjer i Dag og Tid 22. april «velkomen til den vedunderlege nye verdsordenen» som Russland og Kina fremjar. I ingressen spør han: «Er dette framtida? Diktaturlanda slår seg saman, Orwells framtidsdystopi slår til, og freden i Westfalen i 1648 er vår eiga framtid».

Eg har ingen problem med Hagtvets åtvaring mot verda Putin og Xi drøymer om. Det er hans omtale av freden i Westfalen i denne samanhengen eg synest er underleg. Hagtvet utdjupar: «Vi anar konturane av ein restitusjon av grunndraget ved freden i Westfalen etter religionskrigane i 1648: nasjonal innestenging. Då vart det slutt på innblanding frå andre nasjonar i kva styresmaktene gjorde med folket sitt. Statane vart lukka einingar i eit system av skiftande alliansar utan noko normverk til regulering av framferd, og altså utan menneskerettslege krav til staten».

Offisielt går Russland med støtte frå Kina og ein del andre land inn for ein «multipolar, rettferdig og demokratisk verdsorden», som utanriksminister Lavrov uttrykte det i møte med sin kinesiske motpart i Beijing 30. mars i år. Det er uklart kva dette betyr, anna enn at det må vera ei meir illiberal verd som ikkje er dominert av Vesten, og der Russland og Kina har langt meir makt enn i dag. Det er tydelegvis også ei verd der stormakter som Russland og Kina har rett til innverknadssfærar rundt seg, det vil seia kan setja grenser for suvereniteten til det russarane kallar «det nære utland».

Men det var ikkje dette freden i Westfalen handla om. Den tradisjonelle oppfatninga, som Hagtvet uttrykker, er at Westfalen-traktatane knesette nettopp prinsippet om territorial suverenitet og ikkje-innblanding i Europa. Russlands invasjon av det suverene landet Ukraina er stikk i strid med dette.

Men i seinare år har historikarar revidert si oppfatning av Münster- og Osnabrück-avtalane. Dei peikar på at freden primært innebar endringar i konfesjonelle og konstitusjonelle forhold i Det heilage romerske (tyske) riket og ikkje hadde den tydinga for suverenitetsprinsippet som mange har meint.

Konfesjonen i dei einskilde rikslanda vart låst til stoda 1. januar 1624, kalvinistar fekk same rettar som lutheranar, minoritetar fekk rett til å praktisera sin konfesjon dersom dei hadde gjort det i 1624, og alle konfesjonelle stridsspørsmål skulle løysast gjennom forhandling i Riksdagen, ikkje krig.

Landfyrstane og stendene fekk styrka si stilling i høve til keisaren, men (i motsetnad til den tradisjonelle oppfatninga) ikkje i den grad at rikslanda vart suverene, keisaren ein rein symbolfigur og Riket handlingslamma. Freden i Westfalen gjorde det tvert om mogleg for keisarmakta å styrka seg i komande år. I tillegg stadfesta freden at Sveits og Nederland var uavhengige statar.

Freden i Westfalen skapte langvarig fred og stabilitet i Sentral-Europa og var eit viktig steg på vegen (men ikkje meir) mot eit sekulært europeisk system av suverene statar basert på religiøs toleranse, ikkje-innblanding og maktbalanse. Traktatane medverka såleis til å utvikla både folkerett og menneskerettar.

Utgangspunktet for religionskrigane var elles som kjent at kyrkjereformatorar som Luther og Calvin ikkje lenger ville godta paven som kristenheitas øvste religiøse styresmakt. Fredsordninga galdt såleis ikkje «innblanding frå andre nasjonar i kva styresmaktene gjorde med folket sitt» (mi utheving), og kom dessutan til å setja grenser for pavens makt berre i protestantiske delar av det tyske riket.