Geografi
Å korrigere Per Egil Hegge er inga risikofri øving. Eg veit det. Fredag 26. mai er han i Dag og Tid innom tomatane i Ryfylke og namna dei ber. Eg skal vare meg vel for å blande meg i tomatnamnedebatten, trass i at Hegge sjølv blandar meg inn der. Tomatnamn har eg ikkje sterke kjensler for, og det er viktig å kjenne kvar kunnskapen sluttar og inkompetansen tek over. Tomatmessig er eg kunde, og ikkje filolog. Eg er meir interessert i produsenten enn i namnet på tomaten. Og dei fleste leverandørane til butikken min på hjørnet er familie eller gamle grannar heime på Finnøy.
Men geografien rundt Finnøy veit eg ein del om. Og her er nok Hegge komen på villstrå. Han legg tomatproduksjonen til dalstroka innafor. Og vi høyrer statsmeteorologen: «Kysten Lindesnes–Ånasira og dalstroka innafor». Dalstroka innafor, det er Kvinesdal og Sirdal, og der dyrkar dei knapt tomatar til eige bruk. Tomatane kjem frå Ryfylke og meir og meir frå Jæren. Det er langt borte frå dalstroka innafor.
Og så kastar han Rennesøy ut av Ryfylke. Det er drastisk. I historisk tid har Rennesøy og Finnøy konkurrert om dronningrolla i Ryfylke, med mykje frodig sjikaneutveksling, fram til i dag. No har dei funne saman. Rennesøy og Finnøy går saman med Stavanger.
Om ekteskapet blir vellukka, står att å sjå. Førebels bur dei saman, i Ryfylke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Geografi
Å korrigere Per Egil Hegge er inga risikofri øving. Eg veit det. Fredag 26. mai er han i Dag og Tid innom tomatane i Ryfylke og namna dei ber. Eg skal vare meg vel for å blande meg i tomatnamnedebatten, trass i at Hegge sjølv blandar meg inn der. Tomatnamn har eg ikkje sterke kjensler for, og det er viktig å kjenne kvar kunnskapen sluttar og inkompetansen tek over. Tomatmessig er eg kunde, og ikkje filolog. Eg er meir interessert i produsenten enn i namnet på tomaten. Og dei fleste leverandørane til butikken min på hjørnet er familie eller gamle grannar heime på Finnøy.
Men geografien rundt Finnøy veit eg ein del om. Og her er nok Hegge komen på villstrå. Han legg tomatproduksjonen til dalstroka innafor. Og vi høyrer statsmeteorologen: «Kysten Lindesnes–Ånasira og dalstroka innafor». Dalstroka innafor, det er Kvinesdal og Sirdal, og der dyrkar dei knapt tomatar til eige bruk. Tomatane kjem frå Ryfylke og meir og meir frå Jæren. Det er langt borte frå dalstroka innafor.
Og så kastar han Rennesøy ut av Ryfylke. Det er drastisk. I historisk tid har Rennesøy og Finnøy konkurrert om dronningrolla i Ryfylke, med mykje frodig sjikaneutveksling, fram til i dag. No har dei funne saman. Rennesøy og Finnøy går saman med Stavanger.
Om ekteskapet blir vellukka, står att å sjå. Førebels bur dei saman, i Ryfylke.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?