Eit godt og vakkert nynorsk adjektiv/adverb
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Dei aller fleste som skriv nynorsk i dag, brukar adjektivet «rask». Ifylgje Nynorskordboka er dette eit lågtysk ord. Kvifor bruka eit lågtysk ord når det finst eit tilsvarande nynorsk adjektiv?
Det ergrar meg kvar gong eg råkar på setningar med dette adjektivet, og eg har lenge tenkt å minna om det norske. Og her om dagen såg eg denne setninga i Vårt Land: «Nedbrytinga ser ut til å gå så raskt at ho truleg forsvinn heilt i vårt tiår.» (Det gjeld ei øy på Island.) At setninga var i ei bokmelding av Knut Ødegård, undra meg, for han skriv god, tradisjonell nynorsk, og det gler meg. Men språkpåverknaden frå bokmålet er sterk i våre dagar, og svært mange synest sky typisk nynorske ord, til dømes fyrst og andre ord med y som stammevokal.
Setninga kunne ha vore slik: «Nedbrytinga ser ut til å gå så snøgt at ho truleg forsvinn heilt i vårt tiår.» Dette lyder både naturleg og godt. For det norske adjektivet/adverbet er eit flott ord, og det gler meg når eg ein sjeldan gong ser det (redaktøren har nytta det leiarartikkel).
Snøgg var eit vanleg ord tidlegare. Då heitte eit «hurtigruteskip» snøgg-ruteskip. Og på Notodden har dei eit gamalt idrettslag som heiter «Snøgg» – eit høveleg og godt namn for eit idrettslag.
Per Egil Hegge skreiv eingong i språkspalta si i Aftenposten om ‘vakre ord’, og han tykte den nynorske preposisjonen andsynes er eit slikt ord. Det svarar til bokmålsordet overfor, som mange skriv ovenfor, som ikkje tyder det same.
Glede av språket fær ein fyrst når ein tek til å kjenna det godt, og dei færraste lærer det fullgodt. Men ein kan prøva – og tradisjonell nynorsk er eit einskapleg språk som det er mogleg å læra. Det er eit rikt og vakkert språk – poetisk i seg sjølv liksom svensk, språka har mykje felles. Ivar Aasen lika svensk.
Språk må røktast, men ‘språkrøkt’ er det lenge sidan det har vore tale om. So då eg fekk svar på eit spørsmål til Språkrådet, frå ein seniorrådgjevar som underteikna med at ho høyrde til ‘seksjonen for språkrøkt’, vart eg nyfiken, og eg spurde korleis dei arbeider der. Men eg fekk ikkje svar.
I våre dagar har ein ‘privatisert’ språket; korleis ein skriv, har vorte ei privatsak, og det er ikkje lenger eit overordna ynske om at nynorsk skal ha ein einskapleg karakter, slik det var i gamledagar. At mange legg seg etter å skriva tradisjonell nynorsk, vil vera beste hjelpa til vidare liv for nynorsken som kulturspråk, slik det lever i den litterære arven vår.